Hopp til innhold

Varslar store kutt - avistilsette i Nordfjord uroa for framtida

Dei tilsette i avisa Fjordenes Tidende fryktar for jobbane sine. Det er spesielt grafikarane som er uroa.

Fjordenes Tidende og Erling Wåge

KAN BLI KUTT: Polaris Media skal kutte stillingar og Fjordenes Tidende er ei av avisene som kan bli råka. Redaktør Erling Wåge veit enno ikkje om det blir kutt i hans avis.

Foto: NRK/Odd Drabløs, Fjordenes Tidende

Torsdag blei dei tilsette orienterte om at Polaris Media må kutte mellom 80 og 100 årsverk.

Erling Wåge, redaktør og dagleg leiar i Fjordenes Tidende, seier at dei også må sjå på sin redaksjon.

– Det er vanskeleg å seie kva som skjer. Vi er eit konsern med 1000 tilsette. Om dette vil gjelde Fjordenes Tidende, er litt for tidleg å seie noko om enno. Men vi må tilpasse oss folk sine nye vanar og vi må bu oss på å vere sterk ei merkevare også i framtida.

Tener for lite

Polaris Media eig storaviser som Adresseavisen, Sunnmørsposten og Harstad Tidende. I Sogn og Fjordane eig dei Fjordenes Tidende i Vågsøy og Fjordingen i Stryn.

Konsernet tener no for lite pengar på papiravisene. Mellom anna er det nedgang i annonsane. No er det vedteke ein plan for å forbetre resultata. Drifta skal bli meir effektiv og veksttakten på dei digitale plattformene skal aukast.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjordenes Tidende - avishus i Gate 1 i Måløy

KAN MISTE JOBBEN: Her held Fjordenes Tidende til i Måløy. Fleire av dei tilsette er uroa for framtida i avisa.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Kan bli sentralisering

Redaktøren Erling Wåge seier det er altfor tidleg å seie kor mange arbeidsplassar som kan forsvinne.

– Men det er snakk om å sentralisere ein del funksjonar som sideproduksjon, annonseproduksjon og kundesenter. Kva det endar opp med, veit vi ikkje. Men det er grupper som føler seg meir utsette enn andre. Det er vel grafikarane som er mest uroa for framtida si, seier redaktøren.

Fryktar for jobbane

Klubbleiar for grafikarane i avisa, Linda Nygård Sture, er ikkje veldig overraska.

– Vi ser kva som skjer i avisbransjen, så veldig overraskande er det ikkje. Vi er veldig uroa, men vi veit enno ikkje kva som skjer i avishuset vårt.

– Er de redde for jobbane dykkar?

– Ja, det er vi absolutt. Vi er tre grafikarar her og fryktar sjølvsagt for jobbane våre, seier ho.