Hopp til innhold

Tykkjer du at du har sett denne før? Ja, det har du. For to år sidan...

På side 5 i avisa Firda i dag kan du lese at Opplysningen 1881 legg ned i Lærdal frå 1. april. Men den nyheita er frå 2012.

Faksimile

LEGG NED ELLER LAGT NED? På side 5 i torsdagens Firda vert Opplysningen 1881 i Lærdal lagt ned frå 1. april. Men det skjedde i realiteten i 2012.

Foto: NRK

Mange meiner kanskje at media melder mykje det same dag etter dag. Men det høyrer til sjeldenheitene at nyheiter faktisk blir resirkulert.

– Nei, det forstår eg lite av. Vi har jo ingen aktivitet i Lærdal vi no, seier dagleg leiar i Opplysningen 1881 AS, Jan Erik Sørgaard.

For styret i Opplysningen 1881 AS bestemte seg nemleg for å leggje ned selskapet si avdeling i Lærdal i 2012, altså for to år sidan.

– Vi hadde jo ein lang prosess i Lærdal, som dessverre kulminerte i mars 2012, då avdelinga vart lagt ned. Dette er ikkje ei ny sak, dette må vere ei misforståing, seier Sørgaard, som er sikker på at nyhenda ikkje kjem frå dei.

Veldig dårleg spøk

Han er klar på at Opplysningen 1881 ikkje har ein einaste arbeidsplass i Lærdal per i dag.

– Nei, dei er allereie forsvunne. Det var i mars 2012 at styrevedtaket vart teke, og prosessen gjekk frå mars til mai/juni i 2012, seier Sørgaard.

Han kunne ikkje anna enn le då han fekk høyre om dagens nyhende i Firda.

– Det er jo ikkje første april i dag, og det ville uansett vore ein veldig dårleg spøk for dei som vart ramma av nedleggingsvedtaket den gongen. Nei, dette skjønnar eg ingenting av, seier Sørgaard.

Meldingar ligg tre år tilbake i tid

Ansvarleg redaktør i Firda, Yngve Årdal, hadde ikkje oppdaga flausa då NRK ringde.

– Oi! Kva, seier Årdal.

– Kva trur du har skjedd her?

– Eg anar ikkje, seier Årdal, men som få minutt etter hadde funne forklaringa på at ei to år gammal sak hadde komme på trykk.

Yngve Årdal

IKKJE BRA: Ansvarleg redaktør i Firda, Yngve Årdal, understrekar at slikt ikkje skal skje.

Foto: Bent Are Iversen, Firda

– Jau, det stemmer at dette er ei NPK-melding frå 22. februar 2012, seier Årdal.

– Men korleis kom den på trykk i dagens avis?

– Vi abonnerer på meldingar frå Nynorsk Pressekontor som ligg i ein feed. Desse ligg ikkje nødvendigvis med dei nyaste først, og dei går så langt som tre år tilbake i tid, seier Årdal.

Legg seg flat

Vaktsjefen som hadde siste hand på avisa onsdag kveld, trengde truleg noko i rett storleik til å fylle holet på side 5, og fann meldinga om Opplysningen 1881, som passa fint inn. Dessverre såg han ikkje at saka var frå februar 2012.

– Vedkommande legg seg heilt flat. Her har det gått fort, og ein har rett og slett glippa på datoen. Slikt skal jo ikkje skje, og det er ikkje bra, seier Årdal.

Firda.no hadde sjølve denne saka då Opplysningen 1881 vart lagt ned, 22. februar 2012.