Hopp til innhold

Lærdal sjukehus avhengige av svenske jordmødre

I 25 år har svenske jordmødre vore avgjerande for fødetilbodet på lokalsjukehuset i Lærdal. – Sjukehusavdelingar bør ikkje bli drivne som stafettar, seier Helse Førde-direktøren.

Lærdal sjukehus

SVENSK: Lærdal sjukehus er avhengig av svensk arbeidskraft. Fem jordmødre frå Sverige jobbar på sjukehuset.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fem svenske jordmødre har deltidsstillingar og fire norske har fast jobb ved sjukehuset i Lærdal. Direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, er ikkje nøgd med ordninga. Det skriv Bergens Tidende.

– Byggjer ikkje sterke faglege kollegium

Jon Bolstad, administrerande direktør i Helse Førde.

Adm. dir i Helse Førde, Jon Bolstad

Foto: NRK

Avisa skriv i dag om jordmor Ann Landström som har pedla mellom Malmö og Lærdal sidan 1986.

Det hadde vore vanskeleg å oppretthalde fødetilbodet i Indre Sogn utan hjelp frå dei fem jordmødrene.

Dei er fast tilsette på deltid, og kan dermed ikkje samanliknast med dyre vikarar.

Bergens Tidende skriv at dei har gode faglege kvalifikasjonar frå universitetssjukehuset i Malmö, og at dei har vore stabil arbeidskraft i Helse Førde i lang tid.

– Denne pendlinga til deltidsstillingar i Lærdal er ikkje ei arbeidsordning som byggjer sterke faglege kollegium. Sjukehusdrift handlar meir og meir om å jobbe i team, og det er vanskeleg å bli godt samansveisa dersom ein berre treffast på flyplassar, seier Bolstad.

Bolstad understrekar at dette ikkje er kritikk mot jobben dei svenske jordmødrene gjer, men at han primært ønskjer seg faste tilsette som lever i lokalmiljøet.

Forstår ikkje kritikken

Landström er ikkje samd i kritikken frå toppsjefen i Helse Førde. Heller ikkje helsesøster i Lærdal kommune, Sigrid Lysne, forstår kritikken. Ho var tidlegare leiar for fødeavdelinga på sjukehuset i Lærdal.

– Dei drog med seg mykje fagleg ballast frå dei miljøa dei kom frå, og har vore ei stødig arbeidskraft som alltid er til å stole på, seier Lysne til Bergens Tidende.

Lærdal sjukehus har også eit etablert nettverk av svenske gynekologar.