Hopp til innhold

Aukar kvoten for tollfri bærimport

Regjeringa aukar kvoten for tollfri import av jordbær og bringebær. Dette er godt nytt for dei norske saft- og syltetøyprodusentane, meiner driftsdirektøren i Lerum. Men det kan også by på problem, meiner bærprodusent.

Bringebær

KAN IMPORTERE MEIR: Frå 1. juli vart kvotane for tollfrie jordbær og bringebær auka med høvesvis 500 og 400 tonn.

Foto: Silje Bråstad / NRK

Landbruks- og matdepartementet har avgjort at kvotane for tollfrie jordbær og bringebær skal aukast frå 1. juli i år.

– Det er vi udelt positive til sjølvsagt. Det er eit faktum at vi importerer ganske mykje råvarer med full toll fordi det er for lite norske råvarer å få tak i. Og då er det slik det bør vere, at vi får den letta som dei no legg opp til, seier driftsdirektør i Lerum, Jan Audun Larsen.

Vil late lokale komme først

Jan Audun Larsen, driftsdirektør Lerum

POSITIV: Driftsdirektør i Lerum, Jan Audun Larsen, er glad for dei nye kvotane, men seier dei vil uansett prioritere norske bær først.

Foto: Lerum

Kvotane for import av tollfrie bær er auka med 500 tonn for jordbær og 400 tonn for bringebær. Dermed kan det no importerast 3900 tonn tollfrie jordbær og 1700 tonn tollfrie bringebær.

– Dette handlar om å styrke norsk matproduksjon, og om å styrke norsk næringsmiddelindustri, seier statssekretær i Landbruks- og matdepartementet, Hanne Maren Blåfjelldal.

Dei 900 ekstra tonna med tollfrie importbær reduserer utgiftene til dei norske bedriftene med vel 7,7 millionar kroner. Blir det ein god norsk bærproduksjon kan dei norske bedriftene kanskje sleppe å kjøpe importbær med toll i år.

Statssekretæren seier det er viktig at tiltaket ikkje skal gå ut over dei norske bærdyrkarane, men nokre fryktar det er noko som kan skje over tid.

– Det er vi opptekne av fordi at industrien er opptekne av å bruke norske bær først. Og utfordringa dei siste åra har vore at norsk produksjon på jordbær og bringebær til industriformål, har vore lågare enn det industrien har behov for. seier Blåfjelldal.

(Artikkelen held fram under videoen)

Årets bringebærsesong ligger an til å bli en av de beste noensinne.
I Sogn regner bringebærbøndene med å produsere minst to hundre tonn bringebær til det norske markedet i løpet av sesongen...

Kan bli eit problem på lang sikt

Ola Hopperstad Sognabær Vangsnes

KAN BLI PROBLEM: Ola Hopperstad i Sognabær seier letta av tollen kan føre til vanskar for bærprodusentar lenger fram i tid.

Foto: Silje Bråstad / NRK

Sognabær på Vangsnes er ein stor leverandør av bringebær. 25 prosent av bæra derifrå går til industrien. Styreleiar Ola Hopperstad seier auken av importerte bær ikkje er noko problem for dei no, men at den kan bli det seinare.

– Samstundes som dette skjer oppmuntrar vi jo nye og eksisterande dyrkarar til å produsere meir, både til konsum og industri. Så det kan bli eit problem når ein del av det som er planta kjem på marknaden.

Han seier at dette vil få konsekvensar for dei som leverer industribær, for då er det svært vanskeleg å konkurrere med importbæra.

– For vår del er det mest til konsumbær, og då vil det ikkje påverke noko. Der er vi også konkurransedyktige med importbæra. Men vi klarar ikkje å konkurrere med import på industribær, seier Hopperstad.