Etterspurnaden har ført til at det blir stadig fleire av desse varene i butikken.
Bøndene merkar ingenting
Men bøndene i fylket merkar ikkje noko til denne salsveksten. Eivind Brendehaug, Forskar ved Vestlandsforsking trur sentralisering av foredlingsverksemder er ein av grunnane.
- Matvarekjedene er store aktørar som har nasjonale og til dels internasjonale forsyningslinjer, slik at dei kan dekke marknaden utan å nytte lokale leverandørar, seier han.
Han legg til at ein annan grunn kan vere at regelverket for kva som skal til for å få levere økologiske råvarer er blitt strengare, slik at ein del bønder fell frå.