Hopp til innhold

Han merkar konkurransen frå utlandet, men vil ikkje flagge ut arbeidsplassane

Trevarefabrikkane i fylket opplever stadig tøffare konkurranse frå utlandet. Ved Norgesvinduet Bjørlo på Nordfjordeid merkar dei den aukande konkurransen frå Aust-Europa.

Roald Starheim, dagleg leiar i Norgesvinduet Bjørlo

VIL IKKJE FLAGGE UT: Trass i aukande konkurranse ønskjer Roald Starheim, dagleg leiar ved Norgesvinduet Bjørlo, å behalde dei lokale arbeidsplassane.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Men vi må tole konkurranse. Så må vi berre gjere dei tiltaka vi kan for å halde oppe aktiviteten lokalt, seier dagleg leiar Roald Starheim.

Verksemda dreg sjølve nytte av billegare produksjonskostnader i Aust-Europa. I dag har Norgesvinduet 150 tilsette på Eid og 50 tilsette i Polen. Der produserer dei ein del av råvarene som blir nytta her heime.

– Målsetninga vår er å ikkje flagge ut arbeidsplassar, og det har vi heller ikkje gjort. Men vi har valt å etablere nye arbeidsplassar ute, i staden for å etablere dei på Eid, seier Starheim.

Verksemda har 150-200 millionar i årleg omsetnad, men lønsemda har gått ned dei siste åra. Den daglege leiaren seier at prispresset i bransjen er alvorleg.

– Det er vanskeleg å spå om framtida. Men vi har jo sett korleis det har gått med nokre andre industrigreiner. Vi har litt andre rammevilkår her, enn det utlendingane har. Men vi må berre finne løysingane som gjer at vi framleis kan ha arbeidsplassane i Norge, seier Starheim.

Norgesvinduet Bjørlo på Nordfjordeid

PRISPRESS: Norgesvinduet har 150-200 millionar i årleg omsetnad, men lønsemda har gått ned dei siste åra.

Foto: Ottar Starheim / NRK