Dokumentaren om trippeldrapet tek føre seg tida frå den første naudmeldinga kom inn til alarmsentralen – til Årdal-samfunnet samla seg i sorg framfor kommunehuset dagen etter.
NRK Sogn og Fjordane attfortel kva som skjedde på Holsbru denne kvelden. Augevitne og naudetatar fortel om dramaet og tragedien på Valdresekspressen.
Korleis var det å gå der å vente på politiet medan ein mann med kniv vandra rundt inne i bussen? Korleis kunne politiet bruke så lang tid før dei var på staden?
Korleis kunne det blir oppretta eit asylmottak på rekordtid, mot kommunen sin vilje? Korleis skal Årdal kome seg vidare etter tragedien?
Dette er sentrale spørsmål som dokumentaren prøver å belyse.