Hopp til innhold

– Om du er usikker, så går du rundt

Fantastisk vintervær og strålande skiføre lokkar mange ut på tur. Men mange islagde vatn er mindre trygge enn dei ser ut til å vera. – Planlegg godt før du går ut, er beskjeden frå turlaget.

Mange vatn i Hordaland er flotte og islagte, men er langt frå trygge å ferdast på.

KAN VERA UTRYGG: Planlegg godt før du tek ein tur ut på isen. Reporter Mariann Reikerås | Foto/redigering: Dag Harald Kvammen Andersen

Kristin Glück-Teigland

Kristin Glück-Teigland i Bergen og Hordaland Turlag.

Foto: NRK

Eit fantastisk vintervær dei siste dagane har freista mange til ein tur ut i naturen. Islagde vatn over heile fylket ligg blanke og innbydande, men bør likevel ikkje tolkast som ein invitasjon til å ta seg utpå.

For isen er langt frå trygg dei fleste plassar.

– Det har kome enorme mengder med snø den siste tida. Og når snøen ligg to-tre meter over overflata, gjer det at vatnet ikkje frys, forklarar Kristin Glück-Teigland i Bergen og Hordaland Turlag.

– Planlegg nøye i forkant

For det er verkeleg gode forhold for skigåing i vinterfjellet. Glück-Teigland presiserer at det er vanskeleg å sei kva fjellvatn som er trygge og ikkje, og at ein dermed bør planlegge og sjekke godt på førehand.

– Står du framfor eit vatn og er usikker, så går du heller rundt. Det er vanskeleg å ta valet der og då, og det krev også ein del kunnskap.

  • Sjå oppdaterte føremeldingar frå Bergen kommune her.
  • Få fine turforslag frå UT.no

Turlaga er mellom dei som kan bidra med lokalkunnskap før ein legg ut på tur.

Øver seg på det verste

I tilfelle naudsituasjon er iallefall redningsdykkarane klare for å hjelpa til. Kvar fjortande dag skal dykkarane anten ha øving eller vera i sjøen på sokalla rutinedykk.

I dag var ein slik dag, då redningsdykkarane gjennomførte rutinedykk ved Shetlands-Larsens brygge i Bergen sentrum

- Dei forskjellige øvingane kan til dømes gå på personar som har gått gjennom isen eller som druknar. Vi er klare 24/7, seier dykkeleiar Vidar Brekke.

Redningsdykkarar øver i Vågen

SJÅ VIDEO: Her øver redningsdykkarane i Bergen sentrum. Video og redigering: Eivind Pettersen