Hopp til innhold

Åtvarar mot stor skredfare

Det er stor skredfare i fylket, og den vil auke dei komande dagane.

Skred i Fjærland

SNØSKRED I FJÆRLAND: Dette store skredet kom nedover fjellsida i Fjærland seint laurdag kveld.

Foto: Steinar Lote / NRK

Laurdag kveld måtte ein familie i Fjærland evakuera då det kom eit 400 meter breidt skred like ved huset deira.

Regionsjef i NVE, Gunnstein Brakestad, seier at kombinasjonen av mykje snø i fjella, mykje nedbør og mildver er gjer at det kan gå fleire skred.

– På bakgrunn av prognosane, med mykje nedbør og aukande nedbør utover i veka, så trur vi at rasfaren aukar. Der vi har forseinkingar i terrenget er det fare for sørpeskred og det kan også oppstå lausmasseskred som det i Fjærland, seier Brakestad.

Uveret har ført til stengning og kolonnekøyring. Klokka 18 er det kolonnekøyring på riksveg 13 på Vikafjellet. Her kan det blir stengd på kort varsel. På fylkesveg 50 Hol - Aurland er det også kolonne. Fylkesveg 55 Balestrand - Dragsvik er stengd ved Esefjorden på grunn av fare for ras.