Hopp til innhold

– Lagring på nett kan lett utnyttast

Stadig meir av informasjonen vi lagrar på datamaskiner og telefonar blir berre lagra over internett - utan sikkerheitskopi. Dette kan lett misbrukast, meiner IT-forskar.

Lagring illustrasjon

VIKTIG Å LAGRE: Stadig fleire vel å lagre informasjon over internett. Men ein bør ikkje gløyme å ta backup på den 'gamledagse' måten med eksterne harddiskar (biletet), meiner IT-forskar.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Både Apple, Google og Microsoft har løysingar som gjer at du kan lagre data, bilete og tekst heilt andre stader enn på eiga datamaskin eller telefon.

Løysningane kan verke svært så enkle, men kan også enkelt misbrukast av kriminelle. Folk bør framleis alltid ha eigne kopiar, åtvarer IT-forskar Svein Ølnes.

– Viktig å lagre fleire stader

Svein Ølnes

ÅTVARAR: IT-forskar åtvarar mot å slurve med backup av bilete, tekst og anna elektronisk informasjon.

Foto: Vestlandsforskning

– Grunnen til at dette blir viktigare, er at meir og meir av dataen vår ligg no i nettskya, altså ein eller annan udefinerbar plass på internett. Det er voldsomt lettvindt, og du får tak i dataen din uansett kva utstyr du brukar, seier han.

– Det som kan vere problemet er at når det alltid er tilgjengeleg, så vil det alltid vere tilgjengeleg også for dei som vil utnytte dette.

For ingen veit kor den ulike informasjonen vert lagra, utanom leverandøren sjølv.

Framtidas system

Stadig fleire vel å benytte seg av Apple sine produkt. Dei har alle eit installert program som heiter iCloud. Der blir alle data, bilete og tekst blir lagra i nettskya slik at du kan hente det ned kor som helst, på iPhonen, iPaden og Macen.

Eirik Solheim, redaktør for NRK Beta trur at sånne system er framtida for lagring av informasjon.

– Eg trur at fleire og fleire vil slutte å lagre dataen sin heime på sin eigen harddisk, og heller lagre det ute i dette som vi kallar nettskya, seier Solheim.

– Mange slurvar

iCloud logo

ICLOUD: Apple sin iCloud er ein av dei mest populære lagringsmåtane. Men ingen veit kor informasjonen vert lagra.

Foto: Apple

Ei kjapp spørjerunde i Sogndal sentrum syner at folk på gata anten slurvar med eller let vere å lagre fleire reservar av dataen sin.

IT-forskar Ølnes, trur ikkje mange tenkjer på back-up.

– Nei, det trur eg ikkje. Eg har også nesten teke det for gitt at med nettskya så har eg alltid back-up, og eg trenger ikkje å tenkje på å lage kopi på ein annan harddisk, seier han.

Men den gode, gamaldagse back-upen må ein ikkje forlate, meiner forskaren.

– Den er framleis viktig, og kanskje endå viktigare no når nettskya veks fram. For det gjer den, det er ikkje snakk om anna enn at nettskya vil overta voldsomt mykje av det vi gjer.