Hopp til innhold

SAS og Widerøe ut med åtvaring til flykundane om falske epostar med farleg virus

Widerøe og SAS går i kveld ut med åtvaring til sine kundar mot falske epostar som innheld virus som kan skade datamaskina di.

FLY GARDERMOEN

ÅTVARAR: Widerøe gjekk torsdag ut og åtvara mot falske epostar med virusvedlegg.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Det siste døgnet har nær to millionar virusinfiserte epostar blitt blokkert til private og offentlege domene i Norge, melder hegnar.no.

Virusangrep mot flyselskap

Epostane ser ut til å innehalde reiseinformasjon frå ulike flyselskap, og difor går Widerøe no i kveld ut og åtvarar dei som skal ut og reise i næraste framtid.

– Det er snakk om eit virusangrep, som særleg råkar SAS og Norwegian, men vi går no ut med ei åtvaring om at folk som mottek epostar dei ikkje ventar på, bør slette dei utan å åpne dei.

– Sjekk reisedetaljane

Det seier informasjonssjef i Widerøe, Silje Brandvoll, til NRK.no. Ho ber publikum om å sjekke om detaljane i epostane dei får, stemmer med dei reiseopplysningane dei har fått tidlegare.

– Dette gjeld til dømes flightnummeret. Stemmer ikkje dette, så kan det vere ein virus-epost. Opne for all del ikkje vedlegget i alle fall, seier Brandvoll.

Kjende domenenamn

I følgje hegnar.no er den typiske avsendaradressa knytt til kjende flyselskap sine domener, til dømes flysas.com.

Epostane med virus innheld eit komprimert mappe, såkalla zip-mappe. Om denne blir opna, kan maskina di bli råka av viruset.

SAS går ut med åtvaring

SAS er særleg råka av virusangrepet, og pressekontakt Tormod Sandstø, seier til NRK.no, at dei går ut med ei åtvaring på heimesida si no i kveld.

– Vi har fått melding om at fleire av våre kundar har motteke «merkelege epostar». Dersom dei får slike, som tydeleg ikkje er frå oss, må dei slette dei med ein gong, seier Sandstø.