Hopp til innhold

Astrupen ingen ville ha

 

Fra prestegården i Jølster

Fra prestegården i Jølster

Grev Wedels Plass Auksjonar i Oslo fekk ikkje inn eitt einaste bod på Nikolai Astrup-verket "Fra prestegården i Jølster".

LES MEIR OM: Nikolai Astrup i fylkesleksikonet

Måne til 250.000 kroner

Verket, eit olje på lerret, var verdsett til 1,5-2 millionar kroner, men var altså mellom 21 verk som ikkje skifta eigar under første del av jubileumsauksjonen tysdag kveld.

Skifta eigar gjorde derimot "Maimåne" som var verdsett til 170.000-200.000 kroner. Fargesnittet med handkolorering på papir, gjekk for 250.000 kroner.

Fleire for sal

I alt 70 verk av dei mest kjende kunstnarane frå 1800- og 1900-talet gjekk på auksjonen under hammaren.

Når del to av auksjonen går av stabelen 6. desember, står fargetresnittet "Fiskeren" av Nikolai Astrup for tur. Verket er verdsett til 30.000-40.000 kroner.

Eikaas for sal

I same auksjonen skal også fire verk av ein annan Jølster-kunstnar, Ludvig Eikaas, under hammaren.

LES MEIR OM: Ludvig Eikaas i fylkesleksikonet

Desse er xylografiet "Mannshode" og tre serigrafi med tittelen "Komposisjon". Samtlege verk er verdsett til 3.000-5.000 kroner. I alt 71 verk blir lagt ut for sal i denne auksjonen.