Hopp til innhold

Astri (24) må jobba lenger for å få same pensjon som far og bestefar

Tidlegare denne månaden passerte Noreg ein million pensjonistar. Det gjer at Astri (24) kan sjå langt etter å bli pensjonist som 62-åring.

Even, Astri og Fredrik Øyri

TRE GENERASJONAR: Astri, Even og Fredrik Øyri.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Eg må sikkert jobba mykje lenger, men det er så langt fram i tid at eg ikkje tenker så mykje over det. Kanskje eg burde, seier Astri Øyri.

24-åringen frå Øystese i Kvam jobbar som sjukepleiar, og har gjort det i litt over to år.

Sjølv om ho er heimesjukepleiar, og møter representantar frå den eldre garde kvar dag, tenker ho lite på si eiga pensjonstid.

Astri Øyri

I JOBB: Astri har opna døra til arbeidslivet, og blir nok verande der ei stund.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Ho kunne denne månaden lesa at Noreg hadde fått pensjonist nummer ein million.

Og med ei eldre befolkning, betyr det at Astri må pensjonera seg seinare enn både faren og bestefaren.

Blir yrkesaktive seinare

Statistikken bekreftar at Astri må rekna med eit langt yrkesliv. I 2010 var det 697 000 pensjonsmottakarar i Noreg. Ifølge Nav sine prognosar vil det vera om lag ein kvart million fleire pensjonistar om 10 år enn i dag.

Sosiolog og forskar i Fafo, Tove Midtsundstad, meiner det er vanskeleg å spå framtida, men at dei som går ut i arbeidslivet i dag, må belaga seg på å ein seinare pensjonsalder enn dagens pensjonistar.

– Når fleire vil ha høgare utdanning, og då byrjar å jobba seinare, trur eg også mange av dei både ynskjer og må jobba til ein høgare alder, seier Midtsundstad.

I dag byrjar stadig fleire unge å jobba når dei er rundt 25, fordi fleire enn før tek høgare utdanning.

Ifølge Midtsundstad har to av tre av dagens pensjonistar berre vidaregåande utdanning, så dei fleste gjekk ut i arbeidslivet tidleg.

tove midtsundstad, fafo

BYRJAR SEINARE, JOBBAR LENGER: Tove Midtsundstad er forskar i Fafo, med pensjon og seniorpolitikk som fagfelt:

Foto: FAFO

Forskaren understrekar at sjølv om dagens generasjon må jobba lenger, betyr ikkje det nødvendigvis at dei relativt må jobba fleire år.

– I tillegg til at dei byrjar seinare, kjem dei òg i snitt til å leva lenger. Så den perioden dei får som alderspensjonistar er ikkje nødvendigvis kortare, seier Midtsundstad.

– Sutlaust

På garden i Øystese sit tre generasjonar Øyri. Astri på 24, faren Even på 58, og bestefar Fredrik på 83.

Alle tre har ulike utgangspunkt for pensjonstida.

Fredrik har vore pensjonist sidan 2004, og trivst godt med det.

– Inntekta kjem enten du gjer noko eller ikkje gjer noko. Så det er sutlaust. Det viktigaste er at ein held seg frisk, noko både eg og kona har klart, seier 83-åringen.

astri og even øyri

NØGDE: Astri og Even Øyri.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Sjølv om han ikkje er yrkesaktiv lenger, ligg han ikkje på latsida. Nesten dagleg er han oppom på garden til sonen og hjelper til med stort og smått.

Med ein lang karriere som snikkar, er han til stor hjelp på garden. No for tida hjelper han til med å byggja eit reiskapshus, men sonen har gitt han forbod mot å gå i stillaset.

Even tok over garden for lenge sidan, og i tillegg til å vera bonde er han òg revisor. Han trur ikkje at generasjonen hans et opp pensjonen til dottera.

– Eg fryktar egentlig ikkje det. Ein kan ikkje ha ein politikk der ein føler at nokon drar opp stigen etter seg. Då reknar eg med at ungdommen tek tak i oss, seier Even og ser bort på Astri.

Even, Astri og Fredrik Øyri

JOBBA LENGE: Viss trenden held fram, må Astrid jobba lenger enn begge mennene på hennar side.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Han trur at folk kan jobba lenger utan problem i framtida, fordi folkehelsa er langt betre.

– Då eg var gutunge var det jo ein sensasjon når nokon fylte 100. No skjer det jo dagleg. Folk er friskare, og det skal me vera glade for, seier Even.

Astri

24 år gamal sjukepleiar.

Kor gamal var du då gjekk ut i arbeid?

– Eg har jobba som sjukepleiar sidan eg var 22

Korleis trur du pensjonstida blir?

– Eg veit ikkje. Det er så langt fram i tid. Eg håpar jo på ei fin pensjonstid, eg òg. Det gjer jo alle. Men eg må sikkert jobba til eg er mykje eldre enn kva besten var då han pensjonerte seg. 

Lidvard Sandven
Mangler ID

Even

58 år gamal bonde og revisor.

Kor gamal var du då du gjekk ut i arbeid?

– Med tanke på pensjonsgjevande inntekt var eg vel ein 16-17 år, vil eg tru.

Korleis trur du pensjonstida blir?

– Eg er velsigna med eit gardsbruk, og sånn som eg hjelpte far min på garden, håpar eg at eg sjølv får sjansen til det eg òg.

Fredrik

83 år gamal pensjonist. Tidlegare bonde og snikkar.

Kor gamal var du då gjekk ut i arbeid?

– Det var så snart me lærte å gå, så vart me sett i arbeid. Neidå. Det var vel då eg begynte vel å spikra på nokre eplekassar då eg gjekk i 6.-klasse.

Korleis trur du pensjonstida blir, og korleis har ho vore?

– Det er fint. Inntekta kjem om du gjer noko eller ikkje gjer noko. Så det er sutalaust.

Midtsundstad i Fafo dreg lenge på det når ho får spørsmålet om kva pensjonstips ho har til dagens unge.

– Det er viktig å vera i fulltidsjobb, sjølv om omsorgspengar sikrar kvinner ganske godt når ungane er under seks år. I tillegg er det å jobbe i ei bedrift med avtalefesta pensjon gull verd, seier Midtsundstad.

Denne pensjonen kjem i tillegg til alderspensjon frå folketrygda.