Hopp til innhold

Asiatisk and dukka opp på Voss

Eksotisk and sette farge på kvardagen.

Mandarinand på Voss

ASIATISK AND: Denne mandarinanda blei fotografert på Voss i går.

Foto: Lars Lid Trana

Den fargerike anda med røter i Aust-Asia har vore på besøk på Voss dei siste dagane.

Ho er blant anna observert under Tintrabrua like ved Voss sentrum. Anda skil seg godt ut frå dei andre endene i området, på grunn av dei skarpe, klare fargane.

Fugleekspert Eddie Chapman seier til lokalavisa Hordaland at anda truleg høyrer til ein liten bestand i Sverige. Han reknar med at ho har rømt frå fangenskap der.

– Mandarinanda et brød, så ho vil nok greia seg så lenge folk legg ut mat, seier Chapman.

Wikipedia blir anda blir omtalt som «kvikk og aggressiv i kampen om maten på fôringsstader».

Den eksotiske anda har vore på noregsbesøk fleire gonger tidlegare, blant anna på Maihaugen på Lillehammer og ved Lundevatnet i Lund i Rogaland .

  • Har du sett mandarinand på nært hald? Skriv gjerne om det i kommentarfeltet nederst.
Mandarinand på Maihaugen

MAIHAUGEN: Mandarinand har vore på besøk i Noreg fleire gonger tidlegare. Denne anda tok seg ein symjetur på Maihaugen.

Foto: Jørgen Skaug, Lillehammer