Hopp til innhold

Artistar i privatfly til Tall Ships

Tall Ships Races i Måløy leigde inn privatfly og helikopter for å frakte rockegruppa Status Quo frå England til Måløy.

Status Quo-konsert i Måløy
Foto: Eva Westvik / NRK

Dette er ein av grunnane til at konserten gjekk med 1,8 millionar kroner i underskot.

Tidsnaud var årsaka

Peer Osmundsvaag i bookingbyrået Atomic Agency fortel at tidsnaud var årsaka til at det måtte leigast inn privatfly.

- Gruppa skulle ha ein konsert tidleg neste dag i Nederland, og hadde konsert ganske seint dagen før i England.

Eit mysterium for folk

Innbyggjarane i Vågsøy lurer på korleis det går an at Tall Ships Races kunne gå 13 millionar kroner i minus, det største minusresultat nokon gong i Tall Ships-samanheng.

Video nsps_upload_2008_11_28_18_53_33_2254.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Dei lurer også på korleis det går an at konserten med Status Quo kunne få eit underskot på 1,8 millionar kroner. Men innleige av privatfly og helikopter til å frakte rockegruppa viser, synest å vere klart medverkande til minusresultatet.

Helikopter frå Vigra

Tidsnaud var også årsaka til at gruppa måtte fraktast til og frå Vigra til Måløy med helikopter, hevdar Osmundsvaag.

- Det måtte til for at dei som skulle rigge til konserten skulle kome fram i tide.

- No gjekk konserten med 1,8 millionar kroner i minus. Kva er årsaka til det, trur du?

- Det veit eg rett og slett ikkje, eg må sjå på rekneskapen først for å forstå det.

Hjelle vil ikkje kommentere

NRK har dei siste dagane, seinast tysdag, prøvd å få prosjektleiaren for Tall Ships Races i Måløy, Helge Hjelle, i tale om underskotet på 13 millionar kroner.

- Dette vil eg ikkje snakke om, var den knappe kommentaren han gav, før han la på røyret.

Video nsps_upload_2008_12_1_19_47_44_2417.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.