I bilen som vart påkøyrt, sat det to små barn i baksetet.
Operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt, Ragnar Lyssand, seier til NRK.no at ingen kom fysisk til skade i samanstøyten, men at begge bilane fekk materielle skader.
Etter påkøyrselen køyrte bilen som var skuld i hendinga vidare i retning sentrum.
Aggressiv køyring
I følgje bt.no var bilen som vart påkøyrt på veg gjennom Helldal då sjåføren vart merksam på ein bil som ville forbi.
Med to små barn i baksetet forsøkte ho å leggje til rette for forbikøyring.
Men i staden for å køyre forbi vart bilen med dei tre mennene liggjande tett bak og presse på, før den til slutt køyrte inn i bilen framfor seg.
Pågripne på Nesttun
Politiet fekk melding om uhellet klokka 09.20 søndag føremiddag. Like etter klokka 11 vart tre menn pågripne på Nesttun der dei hadde satt frå seg bilen som hadde store skader i fronten.
Lyssand seier politiet no jobbar med å hente inn personopplysningar om dei tre mennene.
– Vi sjekkar om dei er edru og vil finne ut kven av dei som køyrte bilen, seier han.