Hopp til innhold

Aron frå Bergen er Norges beste patruljehund

Fire år gamle Aron danka ut 33 politihundar frå heile landet i NM. – Det blei eit lite kakestykke på han, avslører politibetjent og hundeførar Vidar Neteland.

Vidar Neteland og politihunden Aron

BEVISET: Vidar Neteland og politihunden Aron med NM-pokalen. Nett no er dette Norges beste politihund.

Foto: privat

Det vart fest på jobb.

Vidar Neteland, politibetjent

Time etter time med trening ligg bak. I førre veke var tida komen for den store manndomstesten for både hund og førar: NM for patruljehundar på Kongsberg.

34 hundeekvipasjar kjempa om å vere best i angrep, lydigheit og søk både til skogs og i Kongsberg sentrum. Best var altså den fire og eit halvt år gamle belgiske malinoisen frå Hordaland politidistrikt.

– Han ein hund som har dei rette eigenskapane. Både i søk og den skarpe biten som går ut på å angripe, seier Netland til NRK.no.

Kjøtbein og kake

Då politibetjenten og hunden var tilbake på jobb på politihuset i Bergen vanka det både gratulasjonar og feiring.

– Det vart fest på jobb, ja. Det har vore mykje gratulasjonar, fortel politimannen.

Også politihunden har fått si dose med påskjønning.

– Normalt får han ein godbit, gjerne eit kjøtbein. Han er fornøgd med ein tennisball, også han. Men denne gongen vart det eit lite kakestykke.

Familiehund og kollega

For Neteland er hunden både arbeidskollega og familiemedlem. Privat er Aron ein del av familien, i tillegg til sambuar og to born.

Vidar Neteland og politihunden Aron

FAST FØLGJE: Aron og Vidar Netland fotografert på pansere på teneste-Volvoen til hundepatruljen i Bergen.

Foto: Hordaland politidistrikt

– Heime er han som alle andre hundar. På jobb er han ein hund som er veldig lærevillig og arbeidsvillig. Han ser opp til leiaren sin.

41-åringen har bak seg 12 år i politiet. Aron er den andre politihunden Netland fører.

– Eg har hatt hund sidan eg var 10 år gammal. Då vart det naturleg å velje den vegen i politiet. Kvardagen blir litt meir spennande. Ein får delta på alle typer oppdrag som er litt spesielle. Alt frå søk etter sakna, til dei skarpaste oppdraga, fortel Netland som har hatt hunden sidan han var kvalp.

Ein av 16 hundar i Hordaland

Jamt og trutt har dei trent saman på jobb og fritid. Etter fire år er Aron sertifisert med med grunnutdanning som patruljehund, og tilleggsutdanning som lavinehund.

Eg har alltid hunden med på jobb. Det er heilt fantastisk å vere hundeførar.

Vidar Neteland, politibetjent

– Eg har alltid hunden med på jobb. Det er heilt fantastisk å vere hundeførar, erklærer politibetjenten som er ein av 16 hundeførarar i Hordaland.

Kvardagen byr på alt frå søk etter sakna personar og gjenstander, og meir tilspissa situasjonar der gjerningspersonar må jaktast på og uskadeleggjerast.

– Vi har eit godt miljø, både på jobb og trening, seier 41-åringen som saman med hunden Aron måndag kveld igjen er å finne på vakt hos politiet i Bergen.

I NM som gjekk over to dagar kom Hordaland politidistrikt på andreplass i lagkonkurransen som bestod av fem ekvipasjar på kvart lag, berre slått av hundepatruljane frå Oslo politidistrikt.

Normal tenestetid for ein politihund i Norge er 10 år.