Hopp til innhold

Arne møtte veggen som pensjonist

Overgangen frå eit aktivt arbeidsliv kan vere brå for mange. Arne Paul Aase gjekk av med pensjon og inn i ein bølgedal.

Arne Paul Aase

SNUDDE DØGNET: Etter 30 år som lærar på yrkesfag vart Arne Paul Aase brått uvirksom.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Den skarpe lyden frå verktøya kvin i øyra til Arne Paul Aase.

Det gjer han ikkje noko.

Ein blir vand med slikt etter tre tiår ved byggfaglinja.

Ei stund hadde han det frykteleg stilt rundt seg. Det var verre.

Tom kvardag

I fjor gjekk 52.332 personar ut av arbeidslivet og inn i 100 prosent pensjon, ifølgje tal frå SSB.

Kor mange av dei som gjekk frivillig og naut den frigjorde tida veit me ikkje.

Men me veit at nokon nybakte pensjonistar opplever det som ei vanskeleg endring.

For Aase førte vegen ut av arbeidslivet inn i det han kallar «ein liten knekk».

– Eg følte at alt var liksom over. Eg hadde ikkje noko å gå til, hadde ikkje noko å bale med.

Då han gjekk ut av yrkeslivet hadde han vore lærar ved byggfaglinja på vidaregåande skule i 33 år.

Lenge nok til å undervise elevar som var borna til tidlegare elevar.

Plutseleg såg han dagane gå frå sofaen.

Etter kvart vart døgnrytmen snudd heilt om.

Den nye kvardagen blei ein Aase mista grepet om.

Går stort sett bra

– Dei aller fleste pensjonistar går det veldig bra med.

Det seier Lars Bauger ved Universitetet i Søraust-Noreg, som har forska på livskvalitet blant nye pensjonistar.

Han viser mellom anna til nye tal frå SSB si livskvalitetsundersøking som viser at dei mellom 67–79 år er dei som er mest tilfredse med livet alt i alt.

– Men det betyr ikkje at alle har det slik. Nokon kan oppleve ei negativ endring i livskvalitet då dei pensjonerer seg.

For dei nypensjonerte som opplever redusert livskvalitet fell utgangen frå yrkeslivet ofte saman med andre endringar, til dømes for helsa eller på heimebane, fortel Bauger.

Men det kan òg vere knytt til sjølvforståinga.

– Dersom identiteten din og den sosiale arenaen er knytt til arbeidsplassen din kan det jo opplevast vanskeleg når den delen av livet ditt ikkje er der lenger.

Verktøy vart vendepunkt

Den pensjonerte læraren legg kappet frå saga forsiktig på plass.

Det passar perfekt.

I same periode som han gjekk av med pensjon gjekk han gjennom eit samlivsbrot.

Etter eit hjarteinfarkt skanna dei hjernen hans. Ei lita flekk på biletet gjorde at han ikkje fekk køyre bil lenger.

– Eg kjente meg veldig innelåst.

Då døgnrytmen sklei ut ringde dottera til kommunen for å høyre kva dei kunne gjere for Arne.

Han fekk tilbod om plass på dag­senter i Førde.

Sosialt samvær og aktivitet kunne vere til hjelp.

Men i byrjinga vart det vel mykje strikking og kaffi­drikking for den tidlegare læraren.

– Eg sov i timen då vi skulle lære å strikke.

Det merka dei på dagsenteret.

Med yrkeslivet hans i tankane kjøpte dei inn verktøy.

Aase beskriv det som ein ny vår.

Meir enn økonomi

– Ein førebur seg ofte på kva pensjonstilværet har å seie for økonomien, men gløymer gjerne å tenke på kva det inneber for det sosiale, og for fysisk og psykisk helse.

Bauger anbefaler å byggje ei bru mellom yrkeslivet og pensjonstilværet, til dømes ved å trappe gradvis ned.

Han ber òg folk tenkje gjennom kva pensjonstilværet medfører for dei.

– Ein amerikansk sosiolog samanfatta det fint – kjenn etter når ein lengre ferie går mot slutten. Kva er det du fyller livet ditt med?

– Dersom ein kjenner at ein har få sosiale arenaer eller aktivitetar utanom jobben bør ein kanskje tenkje gjennom at det kjem ein dag ein ikkje skal tilbake dit.

Han understrekar at det går bra for dei aller fleste, inkludert dei som opplev ein knekk i livskvaliteten.

– For dei fleste artar dette seg som ein U-form. Etter ei stund går livskvaliteten opp til det tidlegare nivået igjen.

Noko å gå til

– Eg treivst veldig godt på jobb. Etter 33 år har eg framleis kontakt med dei første elevane.

Om du hadde hatt valet, ville du stått i jobben lenger?

Den pensjonerte læraren klør seg under haka.

– Ja. Kanskje ikkje i full stilling, men ja.

Arne Paul Aase står smilande ved lastesykkelen sin. Frå kassen på sykkelen stikk det opp ei treplate.

Då alt var som tyngst måtte han også parkere bilen av helsemessige årsaker. – Før måtte eg tyte på andre for å hente material, men med elsykkelen vart eg heilt sjølvhjelpen, seier Aase.

Foto: Jarand Aga Baas / NRK

Duren frå drillen endrar karakter då den siste skrua bit seg fast i treet.

Eit lag beis og litt mose på taket, så er julekrybba ferdig og klar for sal.

Den er Arne Paul Aase sitt verk i alle ledd.

– Det er alfa og omega for meg å få vere her. Eg har noko å planlegge, noko å gå til. Det fyller det tomrommet eg fekk då eg gjekk av med pensjon.