Arna-Bjørnar tapte semifinalen

Mimi Asom (biletet) scora 1-0 for Arna-Bjørnar etter berre sju minutt på heimebane. Men det hjalp ikkje då Ajara Nchout tok hat trick med tre scoringar for Vålerenga på under 12 minutt etter 73. minutt. Vålerenga vann 4-1 og møter LSK i kvinnenes cupfinale.

Mimi Asom scora 1-0 for Arna-Bjørnar i seminifinalen i kvinnenes NM i fotball mot Vålerenga 27. oktober 2019.
Foto: NRK-TV