Hopp til innhold

Hoppa i sjøen på «årets fyrste sommardag»

14. april er visst nok årets fyrste sommardag. Det blei feira med bading i kald vatn og sur vind på opninga av Nye Sydnes Sjøbad i Bergen.

Sommer midtvinters

K-K-KALDT: Sesongen er i gang på Sydnes sjøbad. Og de badende la ikke skjul på hvordan det føltes å bade i midten av april. - Friskt og kaldt, lød dommen over badeforholdene.

Foto: Jan Hanchen Michelsen/Sydnes og Nøstet velforening

Helge Simonsen

TROSSA DET KALDE VATNET: Helge Ivar H. Simonsen var ein av dei uredde badarane som kasta seg ut i vatnet i dag.

Foto: Tale Hauso / NRK

På dagen som ifølgje primstaven er årets fyrste sommardag, opna Nye Sydnes sjøbad for sesongen. Og seier primstaven at det er sommar, så er det det. Og då skal det badast.

– Det var eit mareritt. Det var kjempekaldt!, seier Helge Ivar H. Simonsen (10) etter å ha trossa kulden og hoppa i sjøen.

Fleire uredde badenymfer hadde møtt opp for å feire at sommaren no er i gong. Det kalde vatnet verkar nemleg ikkje avskrekkande på alle.

–Det er eit skikkeleg adrenalinkick! Det er kjempemoro, seier Ulvhild Eide.Ho trivast godt i vatn der temperaturen kryp ned mot null grader og driv med isbading i vinterhalvåret. Kaldt vatn er godt for kroppen, meiner ho.

– Eg trur eg får god trim av det. Og eg har halde meg frisk heile vinteren.

No er sommaren her

Tormod Carlsen

INGEN UNNSKYLDNING I ÅR: Vanlegvis slepp leiar i Sydnes og Nøstet velforening, Tormod Carlsen unda årets fyrste bad. Men ikkje i år.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ordførar Trude Drevland opna sjøbadet for sesongen og fyrte med det av startskotet for «sommaren» 2014.

Med på opninga var også Bergen Brannvesen som stilte med brannsprøyter for å gje dei badande ein dytt ut i vatnet om nokon skulle trenge det.

Artikkelen fortsetter under videoen!

Sydnes sjøbad åpnet for sesongen av ordfører Trude Drevland

Leiar for Sydnes og Nøstet velforeining, Tormod Carlsen slapp heller ikkje unna ein dupp i dag.

– Eg har bruka å sleppe unna fordi eg har tatt meg av opninga. Men i år fekk me ordføraren til å gjere det og då hadde eg ikkje noko unnskyldning lenger.

– Det var flott, hutrar han etter badet. Det var mykje friskare enn eg hadde trudd.

Og kor kaldt var eigentleg vatnet i dag? Det holdt stakkarslege 6,4 grader.

Gradestokk

FIN BADETEMPERATUR?: Under opninga av Nye Sydnes sjøbad heldt vatnet 6, 4 grader.

Foto: Tale Hauso / NRK

Her kan du registrere temperaturen der du badar