Hopp til innhold

Ankar varetektsfengsling

Den 18 år gamle sunnfjordkvinna som står bak bombetrugselen mot Widerøe har det tungt i varetekt. No ankar ho til lagmannsretten.

Bergen fengsel

I FENGSEL: 18-åringen frå Sunnfjord sit i fengsel i Bergen etter å ha kome med bombetrugsel mot Widerøe.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

– Vi meiner retten her heilt klart har overreagert, seier forsvararen til kvinna, Odd Bovim.

Retten trur ho vil gjere det igjen

Odd Bovim

IKKJE SAMD: Advokat Odd Bovim har fått beskjed om å anke dommen frå Fjordane tingrett.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Fjordane tingrett meiner faren for gjengtaking er så stor at dei gjekk med på å varetektsfengsle kvinna i fire veker torsdag.

18-åringen vart sendt rett til Bergen og fengsel der etter at fengslingsmøtet var over tidlegare på dagen. Dermed var ho ikkje til stades då avgjerda vart lest opp.

– Min klient ønskjer at eg skal førebu ein anke og det jobbar eg med no, seier advokaten.

Aktor Inger Beth Fosse sa etter rettsrunden torsdag at det er ei krevjande sak, men at faren for at kvinna vil gjere liknande ting i framtida er så stor at varetekt er det einaste rette å be om.

Bovim meiner både retten og aktor er for strenge.

– Eg kjenner ikkje til nokon annan sak der retten har sagt ja til varetekstfengsling av så unge så lenge, seier Bovim.

I rettsavgjerda står det at retten etter ei totalvurdering meiner det er stor sannsynsovervekt for at kvinna vil utføre nye liknande lovbrot om ho ikkje vert sett i varetekt.

Har kome med drapstrugslar

Bombetrussel på Flesland

KAOS: Trugselen om ei bombe skapte kaos på flyplassen tysdag.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Retten viser til at kvinna det siste halv året har kome med anonyme drapstrugslar eller bombetrugslar til politiet. Ho har tidlegare vore til fleire avhøyr hos politiet etter slike hendingar og trugslar. Ho har brukt mobiltelefon, datamaskin og postlagt brev med trugslar av ulikt innhald.

Ho har likevel halde fram med trugsmåla.

Vil kvinna bli dømd i ei straffesak for å ha kome med bombetrugslar vil fengselsstraffa vere lengre enn seks månader og Fjordane tingrett meiner dette også er eit argument for varetekstfengsling.

Er tilrekneleg

Inger Beth Fosse

VIL HA SAK: Påtalemakta ønskjer å føre ei rettssak i løpet av tida kvinna sit i varetekt. Aktor i saka er Inger Beth Fosse.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Eg snakka med ho i går kveld og ho har det tungt i fengselet, seier Bovim.

Fjordane tingrett viser til dei store samfunnsmessige konsekvensane bombetrugselen mot Widerøe fekk tysdag kveld. Flyplassen vart stengt i over fire timar.

Kvinna er tidlegare vurdert av medisinsk helsepersonell som har konkludert med at ho er tilrekneleg.

Påtalemakta ønskjer å stille kvinna for retten i løpet av tida ho sit i varetekt.