Hopp til innhold

Krev fire veker varetekt for bombetrussel

FJORDANE TINGRETT (NRK): Forsvararen til den 18 år gamle kvinna som er sikta for bombetrusselen på Flesland onsdag, meiner ho ikkje er tilrekneleg.

Fjordane Tingrett

KAOS: Det vart kaos på Flesland tysdag då det vart oppdaga at nokon hadde sendt inn ein bombetrussel. Over fire timar tok det å avklare situasjonen for politiet. I dag var kvinna som stod bak i Fjordane tingrett og nekta straffskuld.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Vi har bede om fire veker varetekt for sikta, seier aktor i saka, Inger Beth Fosse.

Truga flyplass med bombemelding

Inger Beth Fosse

KREV VARETEKT: - Vi meiner det er fare for gjentaking, seier aktor i saka, Inger Beth Fosse.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Tysdag kveld gjekk bombealarmen på Flesland og all flytrafikk vart stogga i over fire timar medan politiet arbeidde med saka.

Ei kvinne på 18 år frå Sunnfjord stod bak trusselen. Ho vart sett i arrest, og i Fjordane tingrett i dag bad altså aktor om at kvinna vert varetektsfengsla i fire veker.

– Det er spesielle vilkår i denne saka og vi meiner det er fare for at dette kan skje igjen, seier Fosse.

Sit langt inne å be om varetekt

– Kor alvorleg er saka?

– Det seier seg sjølv, saka har vore i media og det er ein alvorleg trussel ho har kome med. Men også tidlegare hendingar ho har vore involvert i meiner vi er alvorlege. Det vert stilt spørsmål om sikta er tilrekneleg. Og det vi ber om er ei prejudisiell observasjon av sikta.

– Kvinna er svært ung?

– Å be om fire veker for ei så ung kvinne sit langt inne for påtalemakta. Vi forklarer fire veker med at dette er naudsynt for å avverje liknande situasjonar. Og det er allereie sendt ei tiltaltebeslutning til tingretten der vi ber om å få fastsetja ei hovudforhandling. Og det gjeld liknande forhold som det vi såg no på Flesland, seier Beth Fosse.

Forsvarar Odd Bovim meiner saka ikkje høyrer heime i rettsapparatet i det heile.

– Varetekt er ikkje eigna i denne saka, og min klient meiner ho treng andre ting enn ei fengsling, seier Bovim.

Medisinsk personell må vurdere meiner forsvarer

Odd Bovim

SEIER NEI: - Vi meiner andre må vurdere klienten min, og ikkje tingretten, seier forsvarar for den 18-årgamle kvinna, Odd Bovim.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Forsvararen meiner at vilkåra for straff ikkje er oppfylt, og at ein person si liding ikkje er eit godt nok argument for fengsling.

– Kva må då skje?

– Andre må finne ut av kva som kan vere ein riktig reaksjon for denne hendinga som til dømes medisinsk personell. Dei må heller vurdere dette og ikkje rettsapparatet.

– Kvifor?

– Det vil eg ikkje gå inn på saka

Erkjenner ikkje straffskuld

Kvinna har kome med trugslar tidlegare, og vedgår at det var ho som stod bak trusselen tysdag.

– Men ho vedgår ikkje straffskuld i saka.

– Kvifor ikkje?

– Eg meiner det er knytt til forholda i saka, seier Bovim.

– Har ho sagt noko om kvifor ho gjorde dette?

– Nei, det har ho ikkje.