I april er det to år sidan oljearbeidar Øyvind Bjarte Madsen vart drepen. Han vart berre 29 år gamal. Byretten dømde i fjor tre menn for drapet.
Skuldar kvarandre
To av dei som er dømde for drapet i byretten, vedgår begge at dei var på staden då Madsen vart skoten. Men begge hevdar at det var den andre som skaut. Byretten meiner ein av dei, ein mann som tidlegare er dømd for vald, losna skotet som drap Madsen og dømde han til 18 år i fengsel. Den narkomane medjelparen fekk åtte år.
Torpedo
Byretten meine tredjemann var hovudmannen som hadde planlagt og gjeve ordre om drapet Han er utdanna hjelpepleiar, har vore norgssmeister i kickboksing, dørvakt og drive med pengeinnkreving, eller såkalla torpedoverksemd. Han skal ha hatt narkogjeld og meinte oljearbeidaren hadde mykje pengar heime som han igjen hadde fått frå eigen narkohandel. Hovudmannen fekk 21 år i fengsel.
Nekta alt
Då saka var opp i byretten nekta han for å kjenne til eller ha planlagt mordet. Men i haust skal han i politiavhøyr ha vedgått at han gav ordre om at Madsen skulle skremmast.
Vitne truga
Dei ti jurymedlemmene i lagmannsretten skal mellom anna ta stilling til kven som drap Øyvind Bjarte Madsen, og om det er prov for at han som i byretten fekk 21 års fengsel, hadde bestilt drapet. 35 vitne skal møta. Då Åsane-saka gjekk i byretten vart vitne truga og banka opp i heimen sin. Utan tvil er det eit brutalt narkomiljø som vil prega Gulating lagmannsrett dei neste seks vekene.