Hopp til innhold

Ampert då Førde tapte for Nyborg

(Førde–Nyborg 0-3): – Når du har ein ekstra motstandar på bana, så blir det vanskeleg å vinne, rasar Førde-trenar Frank Roger Kalstad etter helgas sluttspel i volleyball.

Frank Roger Kalstad og Marcin Lubiejwskij

ARKIVBILETE: Førde-trenar Frank Roger Kalstad og spelarane hans tende på alle pluggar i sluttspelfinalen mot Nyborg. Dei meinte dommaren gjorde fleire grove feil.

Foto: Oddleif Løset / NRK

For det var fleire av avgjerdene førstedommaren frå Bergen gjorde i andre sett som fekk størst merksemd.

Og som Førde meiner påverka kampen i alt for stor grad.

– Det er sjeldan eg blir så hissig at eg kastar blokka og vil gå frå hallen i sinne. Men det gjorde eg i dag, seier Frank Roger Kalstad etter å ha sett blåtrøyene tape setta med 22-25, 18–25 og 15–25.

– Tre store feil

For etter eit jamt første sett, tok det fullstendig av i andre sett. Førde leia og var i ferd med å rykkje ifrå. Så får Nyborg fire poeng på det Førde-leiren meiner er dommarfeil.

På spel stod førstepremien på 40.000 kroner.

– Dommaren gjer tre store feil som gjer oss frustrerte. Det fører til raudt kort og vi taper nok eit poeng. Det er touch, slag og ved eitt høve riv Nyborg-spelarane nesten ned nettet utan at det blir dømt, seier Kalstad og ristar på hovudet.

– Eg er svært skuffa

– Det kan hende at vi hadde tapt kampen uansett, men spelarane blir frustrerte og vi blir frustrerte på sidelinja. Då klarer vi aldri å komme oss ut av det. Sjølvsagt kan ein seie at vi burde klart det, men det gjorde vi altså ikkje. Eg er svært skuffa, held Kalstad fram.

Førde har hatt store vanskar med å takle servane til Nyborgs Kåre Morken, men meinte å ha rimeleg god kontroll på dette i dag.

Fram til godt ut i andre sett trudde Kalstad at finalen kunne bli av det lengre slaget.

To frå Bergen

Førde-trenaren meiner det er for dårleg at den aktuelle dommaren vart sett opp til å dømme finalen. Volleyballforbundet hadde tre dommarar i sving i turneringa. Av desse var to frå Bergen.

– Her var andre nøytrale dommarar, så kvifor la dei dømme bronsefinalen og så sende dei heim, undrar han.

Kalstad gav tydeleg tilbakemelding til dommarsjef Geir Dahle, som også er leiar i Nyborg volleyballklubb. Det har ikkje lukkast NRK.no å få kommentarar frå Nyborg-trenar Ivar Bakken.

Økonomi

Det er volleyballforbundet som har sett opp dommarane. Dahle seier det er ei økonomisk årsak til at dei ikkje hadde fleire dommarar frå andre stadar i landet til turneringa. Han legg til at dommaren som ikkje var frå Bergen, hadde dømt tre kampar.

Dahle tykkjer ikkje at dommaren gjorde så grove feil som Førde vil ha det til. Når det gjeld situasjonen der nettet nærast blir rive ned, meiner han dommaren «takla situasjonen bra» ettersom han opplevde det som etter at angrepet var avslutta.

– Det skjer vel ein eller to ting som Førde er lite tilfreds med før dette skjer, slik at det opplevast veldig stort der og då, seier Dahle og legg til:

– Var ikkje avgjerande

– Eg føler ikkje at han avgjorde kampen. Dersom du får avgjerder som går i mot deg i spesielle fasar av kampen, så vil det påverke spelet. Men om det var dette som gjorde utslaget, vil eg ikkje uttale meg om, seier han.

– Om ein føler ein blir dømd i mot ein eller to ballar, og ikkje er på topp sjølv, så vil det nok påverke meir om ein var på topp, legg han til.

Sjå på seg sjølve

– Førde har bede om å ikkje få den aktuelle dommaren i fleire kampar framover. Kva seier du til det?

– Det får vi sjå til neste sesong, men det er eit ynskje som dei har mogelegheit til å komme med.

– Heldigvis gjer dommarane mindre feil enn spelarane. Og det er eit hjartesukk til alle lag at dei er for lite flinke til å fokusere på eigne feil, men heller brukar for mykje tid og energi på å sjå etter feil andre spelarar og dommarar gjer, seier Dahle, som sjølv er dommar.

Samla tropp

Han tykkjer også at det er ein ukultur at norske spelarar kjem til dommarane i samla tropp for å diskutere episodar.

– I utlandet er det kapteinen som tek seg av dette, men når ting skjer her så skal alle spelarane diskutere det. Men det er vel gjerne noko vi dommarar har latt utvikle seg over tid, vedgår han.