Hopp til innhold

Amina skal hjelpe sårbare kvinner: No kan ordninga forsvinne

Somaliske Amina Sharif er doula eller «fødselspartnar». No får ikkje ordninga plass i statsbudsjettet.

Amina Sharif

Doula: Amina Sharif har utdanna seg som fleirkulturell Doula gjennom Norske Kvinners Sanitetsforening. Ho ynskjer å hjelpe andre somaliske kvinner før, under og etter fødsel.

Foto: Synne Sørenes / NRK

– Det var vanskeleg. Eg budde på asylmottak, kunne ikkje språket og forstod ikkje korleis helsesystemet fungerte, fortel Amina Sharif.

For 18 år sidan kom ho til Noreg som flyktning frå Somalia.

Knappe året etterpå fødde ho sitt første barn, utan å forstå kva jordmor, legar eller sjukepleiarar sa.

Med eit ynskje om å hjelpe andre nykomne kvinner har ho no utdanna seg som fleirkulturell doula.

Ein doula er ein «fødselspartnar» som fungerer ei kulturell og emosjonell støtte før, under og etter fødsel.

FINT PÅ JOBB: Jordmor, Anita Prante og fleirkulturell Doula, Amina Sharif bidreg på kvar sin måte når eit born kjem til verda ved Haukeland Universitetssjukehus.

FINT PÅ JOBB: Jordmor, Anita Prante og fleirkulturell Doula, Amina Sharif bidreg på kvar sin måte når eit born kjem til verda ved Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Forsvinn utan pengar

– Det er eit enormt behov for Amina og andre fleirkulturelle doulaer, seier jordmor og koordinator for dei fleirkulturelle doulaene i Bergen, Anita Prante.

I alt har 80 kvinner over heile landet utdanna seg til fleirkulturelle doulaer gjennom prosjektet til Norske Kvinners Santitetsforening.

Dei siste fire åra har 350 minoritetskvinner nytta tilbodet, som tidlegare har vore finansiert med prosjektmidlar frå Helsedirektoratet og Stiftelsen Dam.

Men då regjeringa og SV la fram neste års statsbudsjett var det ikkje øyremerkt støtte til prosjektet.

Og då vil ordninga forsvinne.

– Det er heilt utruleg at ikkje Noreg har råd til å gi dei mest sårbare kvinnene støtte under fødsel, seier generalsekretær frå Norske Kvinners Sanitetsforening, Grete Herlofson.

NRK forklarer

Kva er ein fleirkulturell doula?

Kva er ein fleirkulturell doula?

Kven er dei?

Flerkulturelle doulaer er kvinner med minoritetsbakgrunn som sjølv har født i Noreg. Dei blir kursa av jordmødre slik at dei kjenner til det norske helsevesen.

Kva er ein fleirkulturell doula?

Kva gjere dei?

Ein fleirkulturell doula hjelper og støtter ei kvinne før, under og etter fødsel. Ho kan bidra med emosjonell støtte, massasje og kulturell forståing der jordmor ikkje strekk til. 

Kva er ein fleirkulturell doula?

Kor vanleg er det?

I alt 80 kvinner har utdanna seg som fleirkulturelle doulaer gjennom Norske Kvinners Sanitetsforening dei siste fire åra. 350 kvinner har fått hjelp frå desse. 

Auka risiko blant minoriteten

– Kvinner med innvandrarbakgrunn har statistisk sett større sjansar for komplikasjonar før, under og etter fødsel, seier jordmor og postdoktor ved Høgskulen på Vestlandet, Eline Skirnisdottir Vik.

Eline Skirnisdottir Vik

FORSKAR OG JORDMOR: Eline Skirnisdottir Vik har skrive doktorgrad om minoritetskvinner og svangerskap.

Foto: Privat

Ho har forska på helsa til fleirkulturelle kvinner i forbindelse med svangerskap og fødsel.

Ifølge ho har 1 av 4 kvinner som jordmødrer møter i jobben migrasjonsbakgrunn.

– Ikkje alle har auka risiko ved fødsel, men fleire grupper, og kanskje spesielt dei som fleirkulturelle doulaer rettar seg mot, har auka risiko for blant anna dødfødslar, depresjon og økt blødningsfare i samanheng med fødsel.

Vik forklarar at for mange kvinner med innvandrerbakgrunn blir fødselen deira første møte med helsevesenet.

– At det blir ei trygg og god oppleving kan vera avgjerande for at kvinna held fram å stole på helsevesenet også etter fødselen.

Pris for mangfald og likestilling

FEKK PRIS: Anita Prante tok i mot Bergen kommune sin pris for mangfald og likestilling 2021 for arbeidet med fleirkulturelle doulaer.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Vann pris for mangfald

Nyleg vann «Fleirkulturell doula», med jordmor og koordinator Anita Prante i spissen, Bergen kommune sin pris for mangfald og likestilling.

I grunngjevinga skriv juryen at Bergen kommune anerkjenner prosjektet som ei viktig teneste og at dei ynskjer å trekke dei fram som eit forbilde for andre kommunar i landet.

– Kva tenkjer du om at tilbodet ikkje får støtte i neste års statsbudsjett?

– Det er synd. Det er ein grunn til at me har gitt dei denne prisen, seier byråd for kultur, mangfald og likestilling i Bergen, Eline Haakestad.

– Opp til sjukehus og kommunane

Karl Kristian Bekeng (Ap) er statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

– Fleire helseføretak har gode erfaringa med bruk av fleirkulturell doula, og dei må vurdere om dei ynskjer å vidareføre drifta, eventuelt saman med kommunane, seier han.

Han legg til at dei gjerne vil invitere Norske Kvinners Sanitetsforening til eit møte.

Generalsekretær i Sanitetsforeninga, Grete Herlofson, er ikkje imponert:

– Me har, og har hatt, ei regjering som har sagt at me må føde fleire born. Då må me kunne ta oss råd til å gi kvinner med fleirkulturell bakgrunn støtte i den korte tida av livet sitt, seier ho.

Hei!

Er du interessert i helse og utdanning?

Sit du inne med ei sak som fleire burde få høyre om?

Ta kontakt med meg!