Politiet fekk melding om ulukka klokka 09.44. To personar er involverte i frontkollisjonen ved Eikås mellom Førde og Vassenden i Sunnfjord.
Hovudfartsåra mellom Bergen og Ålesund vart stengd som følgje av ulukka. Klokka 19.09 torsdag kveld melder Vegtrafikksentralen at vegen er rydda og opna for trafikk igjen.
Flogen til sjukehus
Føraren av lastebilen, ein mann i 20-åra, er vaken og bevisst, men er sendt til legevakta i Førde.
Mannen i 40-åra som køyrde varebilen sat lenge fastklemd og måtte frigjerast.
– Personen i varebilen er kritisk skadd, seier innsatsleiar for politiet, Øystein Russenes.
Mannen var framleis medvitslaus då han vart flogen til Haukeland universitetssjukehus i Bergen med redningshelikopter.
Store materielle skader
Det er 70-sone på staden. Politiet opplyser at køyretøya har fått store skader.
Politiet opplyser at ulukkesgruppa til Statens vegvesen er på veg, og vil vere framme kring klokka 12.
– Det er ei alvorleg ulukke, så vi må gjere grundige undersøkingar på staden, seier Russenes.
Vil vere stengd lenge
Vegtrafikksentralen opplyser at det er omkøyring mellom Skei og Førde via Sogndal, Høyanger og Vadheim. Dette er ein omveg på fleire timar.
Det er ein lokal omkøyring for Jølstra bru via Eikås like ved E39. Vogntog må vente til vegen opnar, opplyser Statens vegvesen.
– Vegen er totalstengd og erfaringsmessing kan det gå ekstra lang tid når det er eit større trafikkuhell, seier trafikkoperatør Albert Sherington.