Hopp til innhold

Ramla 5 - 6 meter ned i ei steinrøys - to menn skadde

To personar er sende til Haukeland universitetssjukehus med skader etter ei ulukke med firhjuling på Rallarvegen.

Ulukke på rallarvegen

Politiet stadfestar at to personar frå Austerrike er skadde. Dei to har skader i rygg og bein. I følgje politiet sat dei to mennene på 22 og 29 år bak på ein hengar på ein firhjuling som kvelva i ein sving. Dermed ramla dei to 5 - 6 meter rett ned i ei steinrøys.

Ved Haukeland universitetssjukehus får NRK søndag kveld opplyst at dei to mennene skal vere lettare skadde.

Ulukka vart likevel rekna som alvorleg då politiet fekk melding om ulukka i 16-tida.

Alle naudetatar vart kalla ut

Det vart slått full alarm og redningshelikopter og luftambulanse frå både frå Florø og Ål vart sendt til ulukka som skjedde i eit svært vanskeleg tilgjengeleg område.

– Ulukka har skjedd mellom Reintungevatnet og Seltuftvatnet, og det er veldig vanskeleg å komme seg dit, seier Stig Inge Hauge ved Operasjonssentralen til politiet.

Politiet måtte sjølve blir køyrde til området i ein firhjuling.

Ein av dei nærmaste plassane med folk er Vatnahalsen høgfjellshotell.

– Det er nokre unge menn som har reparert nokre snøsikringar som skal vere skadde, fortel Rigmor Aksnes på hotellet. Ho har hatt dei to austerrikarane som gjester.

Varsla 113

Ho varsla 113 etter at ho fekk ein person inn på hotellet som varsla om ulukka. Medan NRK snakkar med henne høyrer ho drønnet frå helikoptera i fjellsidene.

– Eg fekk beskjed om at tre helikopter er på veg, og at det er ei alvorleg ulukke, seier ho.

Det er ikkje stadfesta om ulukka skjedde medan dei var på jobb. Politiet har oppretta sak.