Hopp til innhold

Trafikkulukke i Gulen – to sendt til sjukehus med luftambulanse

Det har vore ei trafikkulukke i Gulen. Tre personar er sendt til sjukehus, to av desse med luftambulanse.

Trafikkulukke Gulen

ELVA: Bilen har køyrt av vegen og ned i elva ved Dalsøyra i Gulen i Ytre Sogn.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

– Vi fekk melding om ei trafikkulukke der ein bil hadde køyrt av vegen og ned i ei elv, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.

Politiet fekk melding om ulukka av AMK like etter klokka 06 i dag tidleg.

Ambulanse, luftambulanse, brannvesen og politi vart sendt til staden.

Ulukka har skjedd ved Dalsøyra i Gulen i Ytre Sogn.

Meldinga nautetatane fekk var at personar var fastklemd i bilen.

Kart Gulen
Foto: Kart / NRK

Tre til sjukehus

– To personar er frakta til sjukehus med luftambulanse, dei to er alvorleg skadde, seier Hausvik.

– Den tredje personen er medviten og er sendt til sjukehus med vanleg ambulanse.

Alle dei tre vart sendt til Haukeland universitetetsjukehus.

Ifølgje Hausvik er det tre menn som har vore med i ulukka, utan at han vil gå inn på meir detaljar kring dei tre.

Trafikkulukke Gulen
Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

Ukjent årsak

– Foreløpig veit vi ikkje kva som kan vere årsaka til ulukka, seier Tordis Myrseth, innsatsleiar i Vest politidistrikt.

Første ambulanse var på staden 10 minutt etter at dei fekk melding. Politiet sende ressursar frå Bergen Nord, og dei var på staden kl. 07.27.

– Vidare blir det ein taktisk og teknisk etterforsking, seier ho.

Operasjonsleiar Steinar Hausvik seier til NRK at det var våt vegbane då politiet kom til staden.

Innsatsleiar Tordis Myrseth
Foto: Trine Svanholm Misje / NRK