Alvorleg skadd
Ein 28-åring frå Sunnfjord fekk straum gjennom kroppen frå ein leidning med 16 000 volt, skriv Firda. Ulukka skjedde på Hallingskeid i Hordaland torsdag i førre veke. 28-åringen jobba med med eit rasoverbygg på Bergensbanen då ulukka skjedde. Lensmann i Voss, Ivar Hellene, seier til avisa at dei etterforskar saka, men at dei enno ikkje har fått avhøyrt mannen.