Hopp til innhold

Augevitne: – Eg trudde det var jordskjelv

Fredag fekk alle dei evakuerte etter fleire jordskred i Hardanger lov til å reisa heim. Totalt måtte 27 personar forlata heimane sine då rasa gjekk torsdag ettermiddag.

Det var like før klokka 17 torsdag at politiet fekk melding om at eit jordskred hadde gått rett gjennom eit bustadfelt i Vallandsvegen i Norheimsund i Kvam herad.

Til alt hell gjekk det om lag 20 meter breie raset midt mellom dei tre husa som låg nærast. Ingen menneske kom til skade, men 12 personar måtte evakuerast frå heimane sine.

Leikehus tatt av ras i Norheimsund

SLENGT NEDOVER AV JORDMASSANE: Ei leikehytte som blei teken av jordmassane har hamna på sida lenger ned i brekka. Bustadområdet ligg i eit svært bratt område, og det er ikkje første gong det går ras i nærleiken.

Foto: Tor Tveitane

Eit stykke unna, i Steinsdalen, gjekk det nesten samtidig eit anna ras. Her måtte fem menneske evakuerast.

Men det var ikkje berre i Norheimsund at det veldige regnvêret førte til ras. Fredag morgon blei det klart at E16 blir stengt i fleire dagar etter at delar av vegen raste ut torsdag kveld.

Såg skredet koma

Raset snissa huset Hausnes

TRUDDE DET VAR JORDSKJELV: Då raset dundra forbi huset, trudde Hildegunn Hatland først det måtte vera jordskjelv. Så såg ho ut glaset.

Foto: Hildegunn Hatland

I nabokommunen Granvin vart Hildegunn Hatland forskrekka augevitne til eit anna jordskred, berre om lag 100 meter ovanfor sitt eige hus.

– Først høyrde eg berre eit brak, og tenkte at det måtte vera jordskjelv. Så såg eg ut glaset, og såg skredet gli forbi.

Ho fortel at det var uråd å sjå storleiken på raset, og at hennar første tanke var å koma seg unna.

– Eg fekk på meg skorne, og tok med meg dottera mi og for ut for å få oversikt.

Der såg dei at raset hadde gått rett i naboens hus.

Var naboen din heime då det skjedde?

– Ja, ein av dei var det. Ho fekk seg verkeleg ein støkk då ho høyrde dunket i veggen.

– Må leva med rasfare

Fredag føremiddag fekk dei evakuerte reisa heim att i Hausnes, ifølgje Avisa Hordaland.

Like før klokka 16 kom gladmeldinga til dei evakuerte i Norheimsund og Steinsdalen om at geologen etter synfaring konkluderte med at det var trygt å reisa heim. Dermed kunne alle dei 27 evakuerte ta helg heime hjå seg sjølve.

Han seier at området er sårbart for ras.

– Det er jo svært bratt i mange delar av kommunen, og det er vel ikkje fyrste gong at det rasar i dette området. Men det er klart det er skremmande når det skjer midt i eit bustadområde, slik som her.

Fekk reisa heim etter nesten eit døgn

Raset på Hausnes

STARTA LANGT OPPE: Frå andre sida av fjorden ser ein tydeleg kor langt oppe i skråninga raset som gjekk i Hausnes torsdag starta. Heldigvis kom ingen til skade då jord, gjørme og lausmassar kom nedover fjellsida.

Foto: Hildegunn Hatland

Klokka 12 fredag reiste Leif Skår frå teknisk etat i Kvam kommune ut saman med ein ekstern geolog for å vurdera rasområdet i Norheimsund.

Først klokka 16, etter fleire timars synfaring, blei det vurdert som trygt å sleppa alle bebuarane heim att.

Ordførar Asbjørn Tolo fortel at alle dei evakuerte har søkt ly hjå vener og kjente.

– Dei er innkvarterte hjå familie og kjenningar. Eg har ikkje snakka med dei direkte, men reknar med dette er gode nyhende.

Lar seg ikkje skremma

Trass i dramatikken torsdag, tek Hildegunn og dei andre i nabokommunen Granvin det likevel det med ro at dei no har fått reisa heim.

– Vi bur jo i eit rasutsett område her på Vestlandet. Dette med at det dett stein ned i vegane til stadigheit er jo noko vi har lært oss å leva med, men å få raset så nært innpå stoveglaset, det er jo spesielt. Eg har ikkje opplevd noko slikt før, og det er klart det er skremmande.