Hopp til innhold

Airlift-helikopter er styrta

Både luftambulansen frå Førde og SeaKingen frå Florø er sendt til Hardanger for å delta i redningsaksjonen etter helikopterstyrt i kveld.

Helikopterulykke Kinsarvik

BASEN: Redningsmannskap er framme på basen til Airlift i Kinsarvik.

Foto: Inge Kristoffersen

Eit helikopter med eit ukjend tal personar ombord har styrta i Dalamot, eit fjellområde mellom tettstadane Eidfjord og Ullensvang, opplyser politiet i Hordaland.

Les: – Kan være den alvorligste helikopterulykken på Fastlands-Norge

Framme på staden

Straks etter at meldinga om ulukka kom, vart luftambulansen på Sentralsjukehuset i Førde og SeaKing-helikopteret tilhøyrande redningsbasen i Florø kalla ut.

Begge helikoptera frå Sogn og Fjordane var framme i området for nokre få minutt sidan.

Styrta i fjellet

Det er førebels svært uklart kva som kan ha skjedd i samband med helikopterstyrten.

– Eg kan stadfesta at eit helikopter har styrta i fjellet i Ullensvang. Det er usikkert kor mange som er ombord i helikopteret, seier Nils Ole Sunde ved Hovedredningssentralen for Sør Norge.

Store ressursar

To Sea King redningshelikopter og minst to luftambulanser har rykka ut til ulykkesstaden, opplyser Hovedredningssentralen til NTB.

Redningssentralen fekk melding om ulykka klokka 18.45 frå eit vitne som melde frå til politiet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.