Hopp til innhold

AC/DC glapp for Rockweekend

Bremanger Rockweekend hadde legendene AC/DC på kroken og var sterk i trua på at australiarane toppa årets jubileumsfestival.

AC/DC
Foto: MARKUS STUECKLIN / AP

I mars kom kontrameldinga frå Angus Young & co. Dei kjem ikkje til Bremanger Rockweekend 20. - 22. juli.

- Vi hadde realistisk tru på at vi skulle klare det. Ein kombinasjon av økonomi og deira eige program gjorde diverre til at dei glapp, seier festivalsjef June Førde til NRK Sogn og Fjordane.

Trudde på AC/DC

Dei aldrande rockarane vert rekna som eit av dei beste innan hardrocksjangeren. Dei har halde på sidan 1973, men er framleis særs populære og ville garantert trekt publikumarar frå heile landet til Bremanger. Det er også ein av grunnane til at eldsjelene bak rockefestivalen konsentrerte seg lenge på arbeidet med å hente legendene til årets festival.

- Vi hadde verkeleg tru på at vi skulle klare det og konsentrerte oss nok for lenge om AC/DC. Likevel tykkjer eg at vi har fått ein god erstattar og eit knallprogram, seier Førde.

The Rasmus

I staden for AC/DC har Bremanger Rockweekend henta The Rasmus. Finnane har mellom anna slått gjennom med "In The Shadows" som er mellom dei mest spelte videoane på MTV Europe.

- The Rasmus er eit stort band i europeisk målestokk. Det blir topp, seier Førde til Firdaposten. Vidare står norske TNT og gamle kjenningar som Tony Dowler Hellbound og Ingenting på artistlista

Senker aldersgrense

Det gjer også Green Granadas, Woodleg Odd, Rock & Roll Roosters og Håvard Lothe.

- Vi satsar veldig ungt. Hovudmålgruppa er ungdom i alderen 18-25, men vi har også andre aldersgrupper i bakhovudet. I år senker vi aldersgrensa til 14 år, seie Førde. Skjenking vil i år føregå på eit fråskilt område.