- Det er mildt sagt ei defensiv haldning frå Helse Vest når dei har oppretta ein ortopediklinikk ved sjukehuset i Lærdal. Samstundes vert det sagt av vi må få på plass eit lokalsjukehus som fungerar på lengre sikt enn eitt og eitt år om gongen, seier han.
- Ein føresetnad
Ortopediklinikken i Lærdal vart oppretta mellom anna for å kunne ta unna ventelistepasientar frå Hordland og Rogaland og Helse Vest gjekk inn med 3-4 millionar ekstra for å få dette til. No fell desse midlane bort, og Bjørg Sandal i Helse Vest sa onsdag at dette har heile tida vore føresetnaden.
- Dette var ei tidsavgrensa ordning som vi prøvde ut, og som vi tenkte ville ha positive effektar for pasientane, sa ho.
- Permanent støtte
Aarethun på si side meiner Helse Vest burde om nødvendig gjere denne støtta permanent.
- Viss det er naudsynt, så må Helse Vest syte for at det skjer, seier han.
Styret for Helse Førde skal i dag vedta sitt budsjett for 2006, og Aarethun er spent på kva dei då gjer med Lærdals-klinikken.