Hopp til innhold

Søskenbarnet: «Vi var mange som brydde oss»

Fredag for halvannan veke sidan blei ein mann funnen død i leilegheita si i Florø. Han hadde truleg vore død i fleire veker. No fortel søskenbarnet hans om håpløysa over å ikkje kunne hjelpe til.

Modliv Bjørvik om dødsfallet til slektningen

TØFF OPPLEVING: For Modliv Bjørvik (innfelt) og resten av familien har det vore ei vanskeleg tid etter at søskenbarnet blei funnen død i leilegheita si i Furutun i Florø.

Foto: NRK / Privat

Dødsfallet i Florø vekte stor merksemd i lokale medium, også i NRK. No reagerer kusina til den døde mannen på korleis saka har blitt framstilt.

– Det som eg reagerte på etter kvart var at samtlege skreiv at det var ingen som brydde seg om han, og at det var ingen som verna han og som brydde seg. Det stemmer ikkje, vi var mange som brydde oss, seier Modliv Bjørvik til NRK.

Den avdøde mannen i 60-åra ønskte ingen hjelp, verken frå helsevesenet eller frå familien sin. Han levde isolert og nekta også å sleppe inn personale frå kommunen som kom på besøk med jamne mellomrom.

Hadde gode og dårlege periodar

– Han ønskte heller ikkje hjelp frå oss som stod han nær. Det var gode periodar og det var dårlege periodar. I dei gode periodane så kunne vi ha det hyggeleg, treffast og snakkast. I dei dårlege periodane så tok han ikkje telefonen og han lukka ikkje opp då vi banka på døra hans, fortel Bjørvik.

Ho fortel at ho møtte søskenbarnet ute i sentrumsgatene, men han stakk seg vekk og han ville ikkje snakke.

– Eg prøvde også å oppsøkje han på andre måtar, men han ville ikkje ha kontakt. Det må ein respektere under tvil. For kva skal ein gjere? Ein kan ikkje tvinge seg inn på folk.

Ein mann i 60-åra blei funnen død i ein kommunal bustad i Flora kommune sist fredag. Mannen skulle hatt regelmessig tilsyn, men har truleg lege død i minst ein månad før naboar varsla om vond lukt.

Flora kommune har teke sjølvkritikk etter dødsfallet til mannen i 60-åra.

Må ofte seie nei til hjelparane

Assisterande fylkeslege i Sogn og Fjordane, Jacob Andersen, opplever ofte at pårørande tek kontakt fordi dei gjerne vil hjelpe sine slektningar.

– Vi har ganske mange saker der pårørande ønskjer å hjelpe med ganske banale ting, men der vi må seie at dei faktisk ikkje kan få lov å hjelpe dersom dei ikkje har eit samtykke frå den det gjeld.

– For ein må også respektere privatlivet?

– Teieplikta er ein av dei mest grunnleggjande reglane i helsepersonellova, så den står ganske sterkt, seier Andersen.

Vi har grene mange tårar over han og den hjelpeløysa vi har følt, og at vi ikkje kunne bidra med noko

Modliv Bjørvik

Vanskeleg å stå på utsida

I Florø sit Modliv Bjørvik og dei andre slektningane til den avdøde mannen att med gode minner om betre dagar, kafebesøk og latter.

– Vi har grine mange tårar over han og den hjelpeløysa vi har følt, og at vi ikkje kunne bidra med noko. Helsevesenet gjev jo ingen opplysningar til oss pårørande, og slik skal det vel også vere. Men det er ikkje så veldig enkelt å stå på utsida heller.

Gjekk ut og beklaga

Flora kommune har tidlegare beklaga på det sterkaste at dei ikkje gjennomførte tilsyn med mannen i perioden frå mai til han blei funne død.

– Då gjekk personen som hadde fast tilsyn med denne mannen, ut i sjukemelding. Etter det har det vore ein rutinesvikt som har ført til at det ikkje har blitt sett inn nokon ny som gjekk på dei faste tilsynsbesøka, sa kommunalsjef for helse og omsorg i Florø kommune, Norunn Stavø, til NRK.