Hopp til innhold

”Skota var spelt av frå Youtube"

Det var forklaringa mannen oppgav då naboane ringte politiet og varsla om pistolskot frå huset hans. politiet i Florø trudde han, utan å undersøkje det.

Politi
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

- Eg er heilt sjokkert over at dei ikkje kom. Om ein person hadde skote og volda nokon skade hadde han ikkje akkurat fortalt det til politiet når dei ringer.

Kvinna er rysta over at politiet ikkje gjorde fleire undersøkjingar enn at dei ringte mannen, etter at ho varsla om det ho meiner er skot frå eit vapen, frå eit hus på Nordfjordeid natt til søndag.

Engsteleg

Like før eitt høyrde ho lyden og varsla alarmsentralen. Det gjorde fleire andre naboar og. Dei låste dører og vindu og venta på politiet, som aldri kom. Det var stilt i huset og naboane frykta at nokon låg der inne skada.

- Vi var jo redde at han kunne ha skote seg sjølv, fortel kvinna. Ho ynskjer ikkje å stå fram med namn i saka fordi ho fryktar det vil få konsekvensar.

- Slapp av

Etter eit nytt skot frå huset ringde dei igjen. Etter ei tid ringte nokon frå Politihuset i Florø og fortalde at dei hadde sjekka det ut og ingen skot var avfyrt der.

- Dei hadde ringt mannen og han hadde sagt at han berre spelte av eit klipp av eit skot frå Youtube over anlegget hans.

Inga tru på forklaringa

Kvinna vart sint og redd fordi politiet ikkje kom på staden for å sjekke saka nærare. Ho har ingen tru på at det er eit Youtube-klipp ho høyrde.

- Nei, det har eg heilt ærleg ingen tru på. Den lyden var veldig høg og autentisk. Det skulle vere eit anlegg fra ei konsertscene i såfall, og det kan jo hende han har. Men, det er uansett heilt utrulig at dei ikkje sjekka det ut før dei godtok forklaringa.

Vore undersøkt tidlegare


For eit par veker sidan høyrde bebuarar i same område det dei meinte var skot i skogen over bustadsområdet, og også den gongen vart det varsla til politiet. Kvinna fortel at det ei tid etter var politimenn i huset til den same mannen, og naboane trur dei var på utkik etter vapen.

- Det verka som dei ikkje fann noko og det verkar som om det er derfor dei ikkje kom denne gongen. Men mannen var jo klar over at naboar hadde varsla politiet før dei kom og gjennomsøkte huset. Eg forstår ikkje korleis dei kan tenke at det gjev mindre grunn til å undersøkje saka, at det har vore mistanke om vapen der før.

- Kva må til?

Ho seier ho forstår at dei er få på vakt og at det er festivalhelg, men kan ikkje forstå kvifor ikkje dette vart prioritert.

- Eg tenkjer at han må stå på trappa mi med vapen i handa for at dei skal kome, eg er redd nokon må dø før dei tar det alvorleg. Kva skal til før Politiet kjem?

Svar frå Politiet

Politiadvokat Knut Broberg uttalar seg på vegne av den tilsette ved politihuset i Florø som tok avgjersla om å ikkje sende ut patrulje til Eid. Han seier politiet tok kontakt med vedkomande og at dei konkluderte med at det ikkje hadde vore avfyrt skot. Han kan og stadfeste at mannen forklarte lyden med at han spelte av ein snutt på internett.

Broberg kan ikkje gå i detalj om kva som ligg til grunn for at vakthavande festa lit til denne forklaringa, men seier avgjersla vart teken basert på tidlegare kjennskap til mannen.

- Ut ifra kjennskap til vedkomande og andre forhald som politiet har erfaring med frå tidlegare, vart det avgjort at ein ikkje skulle rykke ut til denne hendinga.

Tidlegare hending ikkje stadfesta

Politiadvokaten stadfestar at naboar har meldt det dei meinte var skot tidlegare, men seier det ikkje har vore bevist at skot vart avfyrt den gongen heller.

- Vi har ikkje klart å underbygge at det som folk tidlegare har oppfatta som skot har vore skot. Eg forstår at ho kjende seg utrygg, men hennar melding til politiet var uro for denne personens tilstand, og vi kunne gjere det klart at han var ved godt hald.