Hopp til innhold

Norsk film til filmfestivalen i Berlin

Den norske filmen «Mot Naturen» kom gjennom nålauget og er ein av filmane som kan vinne pris under den prestisjefylte filmfestivalen i Berlin.

Fra Mot naturen

TIL BERLIN: Ole Gievær og «Mot Naturen» skal til filmfestivalen i Berlin.

Foto: Filmweb

I helga er det premiere på den norske filmen, og aldri før har ein norsk regissør bydd så mykje på seg sjølv i ein film. I dag blei det klart at filmen kan vinne pris på ein av verdas største filmfestivalar.

Filmen blei nyleg vist under filmfestivalen i Toronto der den hausta strålande kritikkar. Laurdagen hadde filmen ei fullsett programvisning, etterfølgt av spørsmål.

Spelar hovudrolla sjølv

Ole Giæver spelar sjølv hovudrolla som Martin, ein familiefar i midten av 30-åra som slit med A4-livet. Helga brukar han til å reise på fjellet for å samle seg, og publikum får høyre alt han tenkjer.

Tankar mange ville skamme seg for å tenkje. Både om kona Sigrid, faren, jobben, livet, døden og mykje anna.

På kino verda rundt

Nyleg blei det klart at den Bergensproduserte filmen også skal på kino fleire stader rundt i verda. For allereie før filmen har hatt premiere i Noreg, er det klart at filmen blir selt til ei rekke andre land.

Etter det NRK erfarar skal filmen på kino i Danmark og Tsjekkia, medan USA, Frankrike og Benelux-landa står for tur. Regissøren sjølv er meir tilbakehalden.

Til helgen er det premiere på den norske filmen Mot naturen.