Hopp til innhold

«Major Parkinson»-vokalist heldt på å døy på scena

Vokalist Jon Ivar Kollbotn fekk hjarteinfarkt og heldt på å døy på scena. No ber bandmedlemmene folk om å friska opp førstehjelpskunnskapen.

Major Parkinson Jon Ivar Kollbotn

Jon Ivar Kollbotn på scena (under ein annan konsert) og i senga på sjukehus.

Foto: Major Parkinson/Privat

Det er laurdag 22. oktober på Vulkan arena i Oslo. Rockebandet «Major Parkinson» spelar ein nesten utseld konsert.

– Stemninga er upåklageleg og det er tidenes kveld, skildrar gitarist Øystein Bech-Eriksen til NRK.

Men sjølv om stemninga er svært god blant publikum, merkar bandmedlemane at noko er gale med vokalist Jon Ivar Kollbotn (41).

– Eg trudde først han hadde ryggproblem eller var sliten, seier Bech-Eriksen.

Det viste seg å vera langt meir alvorleg.

Under konserten får vokalisten i bergensbandet eit stort hjarteinfarkt.

– Frisk opp kunnskapen

Kollbotn held ut heile konserten, men under ekstranummeret blir han ikkje med ut att på scena.

– Me skjønte at noko var gale, men me forstod ikkje kor gale det var, seier Bech-Eriksen.

Då dei kom bak scena kollapsa bandkameraten deira, som då hadde fått hjartestans.

– Det var ein heilt absurd situasjon. Du spelar ein konsert med heilt sinnssjuk stemning, og så to minutt etterpå så tek du imot venen din som kollapsar.

Bandet har skrive ei oppdatering til følgjarane sine på Facebook og Instagram.

Der skriv dei at det er låg sjanse for å overleva så store hjarteinfarkt som det Kollbotn hadde.

Bech-Eriksen har ei klar melding til både fansen og alle andre:

– Eg vil oppmoda alle som får med seg denne saka:

Frisk opp dine eigne kunnskapar om livredning. Eg fekk sjå at det å starta med førstehjelp så fort som mogleg reddar liv.

Øystein Bech-Eriksen

BT omtalte saka først.

Gitaristen viser til at mange vil oppleva å stå i ein liknande situasjon i løpet av livet.

Plutseleg og uventa hjartestans som skjer utanfor sjukehus rammar rundt 3000 menneske i Noreg kvart år. Om lag to av tre tilfelle skjer i eigen heim.

Alle kan få hjartestans, men det skjer oftare hjå menn og personar over 65 år, ifølgje helsenorge.no.

Helsedirektoratet opplyser at i 2021 fekk 27 prosent av personar med hjartestans vellukka gjenoppliving. Dette talet gjeld hjartestansar som skjedde på sjukehus eller i ambulansar.

– Jon Ivar har vore utruleg heldig. Han fekk hjelp så fort som det går an, trur eg.

Major Parkinson

– Han har spelt konsert med aktivt hjarteinfarkt. Det må jo ha vore forferdeleg ubehageleg. Han er ein okse som har klart å kjempa seg gjennom det, seier gitarist Øystein Bech-Eriksen om kameraten.

Foto: Jarle H. Moe / Jarle H. Moe

Heile bandet og crewet fekk hanka inn naudetatar. Politiet var tilfeldigvis i området.

– Me fekk starta hjarte- og lungeredning med ein gong. Det har truleg redda livet hans.

«Major Parkinson» takkar norske naudetatar og akuttmedisin.

– Dei gir heilt uvurderleg hjelp og reddar liv kvar dag, slik som i dette tilfellet.

– Eit mirakel

Det har gått ei knapp veke etter konserten. Gitaristen fortel at 41-åringen klarer seg bra.

– Det går over all forventing. Han har gått på beina fleire goner, og legane seier han er langt framfor skjema, seier Bech-Eriksen, som kallar det «eit mirakel».

Han er vaken og er seg sjølv. Den mørke humoren er tilbake og alt.

Øystein Bech-Eriksen

Han seier at band og crew er sjokkerte og prega, men at dei no først og fremst er letta og takksame.

Fredag kveld skulle dei spelt på USF Verftet i Bergen. Laurdag skulle det ha vore konsert i København. Begge er utsette på ubestemt tid.

– Me kan ikkje seia noko tidspunkt, men me har lyst til å spela. No er helsa til Jon i fokus. Me tek tida til hjelp og kjem sterkt tilbake.

Major parkinson

Rockebandet «Major Parkinson».

Foto: Major Parkinson