I den fjerde sesongen tek mellom anna Per sjåarane med på linefiske, medan vi også får sjå Alexa lage til lysfest på sjølvaste Luciadagen.
- Vil du sjå fleire episodar?
- Meir Barne-TV? Sjå nettsidene til NRK Super.
Per
Per frå Haus i Eid kan namn på rare fiskar: Fløyelsbuk, skate og brosme. I dag må han stå veldig tidleg opp, for Per skal vere med pappa på fisketur. Djupt, djupt nede i fjorden ligg dei rare fiskane på lur...
Linn Kristin
Linn Kristin har aldri sove i telt før. Men i natt skal ho vere med pappa å overnatte i telt på ei fin strand som heiter Refvika. Det blir mørkt ute og Linn Kristin høyrer lydar utanfor teltet.
Berge
Sommarferien er snart over og Berge skal byrje i første klasse på Skram skole i Vågsøy. Berge både gruar og gler seg. Han gruar seg mest fordi bestevennen, Birk, skal gå i ei anna klasse enn han sjølv.
Ananda
Ananda ventar, ventar og ventar. På mamma og pappa, som jobbar på Kråkenes fyr. Dei har kafé og tek imot turistar. Ananda må finne på noko åleine. Ho klatrar, ho går tur i fyrtårnet og matar ein måse. Dei vaksne brukar så lang tid på å jobbe.
Alexa
Alexa lengtar etter lysare tider og sommar. Men no er det mørkt ute og i morgon er det Luciadagen. Alexa får med seg pappa ut i skogen for å lage lysfest for alle vennene heime i Heggjabygda i Eid. Neste morgon går dei ut, med faklar som får snøen til å skine og glitre. Alexa likar mørkret likevel.
Sivert
Denne morgonen vil ikkje sivert frå Florø gå på skulen. Han har nettopp oppdaga at det har kome ein heilt ny kylling ut av egget, som hønemor har ruga på så lenge. Det er kaldt i hønsegarden, og Sivert vil sy eit skjerf til kyllingen. Men mamma seier at han må gå på skulen.