Hopp til innhold

"Haugefisk" treng statleg hjelp

Berre statlege pengar kan redde den verneverdige autoline-båten "Haugefisk" av Bremanger.

Hovudutvalet for kultur i fylkeskommunen løyvde i dag tilsaman 400.000 kroner til restaurering og vedlikehald av galeasen "Svanhild" og veteranbåtane "Atløy" og "Stangfjord".

Fylkeskulturkontoret skal no be fiskeridepartementet om pengar til å ta vare på "Haugefisk".

- Får ikkje båten pengar, blir den til spiker og skruar, sa Kåre Jan Langeland, som er ei av eldsjelene bak "Haugefisk" til NRK i påska.

Han var då skuffa over at fylkesdirektøren for kultur ikkje hadde prioritert pengar til båten. 

"Haugefisk" høyrer til første generasjon autolinebåtar på kysten, og blei bygd i 1978. Inntil då hadde autolinebåtar blitt ombygd frå anna fiske. Men eit båtliv er kort, og "Haugefisk" var sist haust på veg til opphogging då entusiastar i Bremanger og ved Kystmuseet greip inn og tok hand om båten i tolvte time. Kystmuseet tok ansvaret, og etter kvart skulle det bli ei stifting. No treng båten nær 165.000 kroner til vedlikehald, og eldsjelene har søkt fylkeskommunen om pengar frå potten til det såkalla fartyvernet.