– Cruise øydelegg turistlandet Noreg

Cruise-turistane kveler bygda, hevdar bonde Anders Fretheim i Flåm. Næringa sjølv innrømmer at det er for mykje trafikk somme stader.

Cruisetrafikk i Flåm

TETT PÅ: Bonde Anders Fretheim opplever ofte at cruiseturistar går inn på jorda hans.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Det vert ein masseturisme som gjer at mange skyr bygda. Den tradisjonelle reiselivsnæringa lir. Vi grev vår eiga grav som tillet dette, seier Anders Fretheim.

Han driv landbruk i åsen over Flåm sentrum. Han har femti kyr, men det er meir folk enn fe på markene hans. Denne dagen er det kring 5000 turistar frå tre cruiseskip i den vesle bygda ved Sognefjorden.

– Dei går langs og over gjerdet, inn i hagane. I fjor hadde eg 1200 turistar som åt lunsj på jordet mitt, fortel han.

Fretheim meiner turistane øydelegg Flåm både som bustad og reisemål.

– Det er ikkje råd å gå nokon stad utan at det er kø. Cruisepassasjerane er over alt, og skremmer vekk andre.

– Held liv i Flåm

MSC Musica ligg til kai i Flåm

MANGE ANLØP: MSC Musica er ein av 173 skip som i år kjem til den vesle bygda Flåm i år.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Nede i bygda kjem nye småbåtar med passasjerar frå skipet Rotterdam som ligg til anker ute i fjorden. Kaiplassen er oppteken av gigantiske MSC Musica på nesten 300 meter. I år kjem 173 skip med til saman 230.000 turistar til Flåm.

Driftssjef Sivert Bakk i Flåm Utvikling innrømmer at på ein dag som denne er dei nær ei grense kor mange det er plass til, men avviser at cruisetrafikken har blitt for stor.

– Vi tenker heile tida på kva som er det beste for heile Flåm. Det er difor vi i år har sagt nei til mange skip i år.

Skal utvide sesongen

Bakk seier dei voner å auke trafikken enno meir. Det skal skje ved å utvide sesongen.

Midt på sommaren er det rett og slett ikkje plass til fleire skip. Driftssjefen meiner cruiseturismen er eit klart pluss for bygda.

– Det er ikkje mange bygder på denne storleiken som har heilårsopen butikk, post og hotell. Det kan vi takke cruisetrafikken for.

Det er for mykje cruisetrafikk fleire stader her i lande, det innrømmer næringa sjølv.

VIDEO: Det er for mykje cruisetrafikk fleire stader i Noreg. Det innrømmer også næringa sjølv.

Fryktar for Noreg som reisemål

I Hardangerfjorden er det strengare reglar enn lenger nord. Her stenger dei for fleire anløp når det er over 4000 turistar på skip i fjorden.

På ein tom kai i Eidfjord forklarer Helge Møller at dei er redde for å øydelegge merkevara si; ro, frisk luft og urørt natur.

Cruisetrafikk i Flåm

TRONGT: Når fleire cruiseskip kjem til Flåm same dag blir det trongt om plassen på fjorden.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK
Anders Fretheim i Flåm

UTSIKT: Anders Fretheim har god utsikt til cruisetrafikken i Flåm frå jorda sine. Han meiner det kjem for mange cruiseskip til Flåm.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Vi spreier trafikken på fem hamner og seier nei til mange. Det er fordi vi ikkje har kapasitet til å ta oss av fleire. Og cruiseturistane sjølve seier det verste for dei er kø og trengsel.

Møller får støtte frå European Cruise Service, selskapet som organiserer Noregsturane for dei fleste av cruise-reiarlaga.

Direktør Sandra Bratland har ansvar for ekskursjonar på land. Ho meiner hamnene fleire stader må bli flinkare til å seie nei.

– Flåm er eit eksempel. Men og i Bergen meiner eg det er alt for mykje når det ligg 7-8 skip til kai. Sjå berre på køane til Fløybana. Trengselen går ut over produktet vi lever av; norsk natur og norske attraksjonar.

Vil ha cruisefrie dagar

Anders Fretheim har god utsikt til gigantskipa frå morellhagen sin. Her kan han sjå fjernsyn på storskjermane om bord og følge med på annonseringane over høgtalaranlegget. No vil han ha meir fred til å nyte sommaren.

– Eg tykkjer dei burde sette eit tak på fem cruiseskip i veka. Cruisetrafikken forureinar, støyer og dei om bord legg at lite pengar her. Kvar dag utan cruiseskip er ei velsigning.

Men det er lite som tyder på at bonden får ønsket oppfylt. Flåm Utvikling planlegg ein flytande kai som kan gjere staden enno meir attraktiv som destinasjon for dei flytande hotella på fjordane våre.