Hopp til innhold

– Vi har mista ein venn og ein kollega

Den unge mannen møtte ikkje til vakt på Hurtigruten. Så fann kollegaene han død på lugaren.

Politi utenfor hurtighruten etter dødsfall ombord

FUNNEN DØD: Politiet på plass ved Hurtigruteskipet MS Vesterålen i Kristiansund. Politiet etterforskar dødsfallet som mistenkjeleg.

Foto: Jonas Hjellnes

Det var like etter klokka 22.00 onsdag kveld at politiet fekk melding om at ein ung mann var funnen død på Hurtigruteskipet MS Vesterålen. Politiet i Nordmøre og Romsdal politidistrikt rykka ut til skipet som låg til kai i Kristiansund.

Kommunikasjonsrådgjevar i Hurtigruten ASA, Stein Lillebo, fortel at dei tilsette har ein tøff dag på jobb.

– Vi har mista ein venn og ein kollega. Vi er naturlegvis sterkt prega av dette, og no må vi sørge for at dei som har vore tettast på vedkommande har det så bra som mogleg, seier Lillebo til NRK.

Mannen som er funnen død var frå Kristiansund.

Funnen død på lugaren

Politiet karakteriserer dødsfallet som mistenkeleg. Både fordi dødsårsaka er ukjend, men også fordi den unge mannen skal ha vore involvert i ein valdsepisode i Bergen tysdag kveld, før skipet la frå kai.

Politiet undersøker om episoden har ein samanheng med dødsfallet å gjera.

Politiadvokat Knut Meek Corneliussen fortel til NRK at politiet i Bergen er kopla inn i saka. Etter det NRK forstår skal valdsepisoden ikkje ha blitt meldt til politiet tysdag kveld.

Lilleboe fortel at den tilsette vart etterlyst onsdag.

– Det var i forbindelse med at han ikkje møtte til vakt. Seinare fann kollegaene han død på lugaren hans. Politiet vart kontakta, fortel Lillebo.

MS Vesterålen

Det var på skipet MS Vesterålen at den unge mannen vart funnen død.

Foto: Atle Markeng / NRK

Tek vare på mannskapet

Skipet vart liggande i Kristiansund så lenge politiet såg det naudsynt. MS Vesterålen er no på veg vidare nordover.

Lillebo fortel at mannskapet blir varetatt.

– Vi handterer dette så godt som vi kan. Tankane våre går til dei pårørande.

Den avdøde er frakta til obduksjon i Trondheim.

Stein Lillebo

Kommunikasjonsrådgjevar Stein Lilleboe i Hurtigruten ASA.

Foto: Art Rent AS