Hopp til innhold

– Uklokt med dobbeltrolle

 

Steinar Nilsen

Steinar Nilsen skal vera både trenar og sportsleg leiar.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

– Akkurat som Steinar Nilsen må skifte litt på laget og endre litt på oppstillinga innimellom, så må me òg gjere det, sa dagleg leiar i Brann, Lars Moldestad, på ein pressekonferanse i dag.

Klubben gjer endringar i organisasjonen, trenar Steinar Nilsen får eit breiare ansvar i Brann, medan Roald Bruun-Hanssen, som tidlegare har vore sportssjef, får administrative oppgåver.

LES ÒG: Brann gjer endringar

– Ikkje smart

Hallvar Thoresen

Hallvar Thoresen trur Brann gjer ein tabbe.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

NRK sin fotballekspert Hallvar Thoresen trur ikkje løysinga er god.

– Når ein har begge dei rollene hjå samme person, så trur eg det kan verte inhabilitet i visse tilfelle. Ein kan jo berre for ekspempel tenkje seg kva ein skal bruke pengar på. Ny spelar til A-laget eller satse på talentutvikling. Kva vil ein hovedtrenar prioritere og kva vil ein sportsjef prioritere?, seier han.

Nilsen sjølv vil ikkje seie noko om kva konsekvensar det kan få at ein trenar på kort engasjement skal utvikle klubben med eit perspektiv mange år framover.

Tilbakeviser påstandane

– Det er vel heller andre personar som må få det spørsmålet. Eg har tenkt å ta tak i dei utfordringane som ligg der og jobbe med det, seier han.

Roald Bruun-Hanssen trur administrasjonen framleis vil halde den overordna kontrollen.

– No har me jo framleis ein dagleg leiar, og han har ein controller ved si høgre hand. Slik at det å ivareta det langsiktige behovet, det ligg hjå controller og dagleg leiar å kunne sikre, seier han.

Lars Moldestad er klar på at han som dagleg leiar ikkje slepp tøylene.

– Eg ser utfordringa. Men no er det ikkje slik at Steinar Nilsen sit med carte blanche til å kunne gjennomføre det han vil. Tvert imot er det akkurat slik det har vore før. Han har ansvaret for A-laget, som tidlegare, og no får me ein allereie etablert utviklingsavdeling som rapporterer til Steinar. Dette gjer me for å få ein raud tråd i det heile. Steinar må alltid forankre hjå administrasjonen, herunder direkte hjå meg.