Hopp til innhold

– Letta over å verta lauslaten

Den korrupsjonssikta bystyrepolitikaren frå Bergen vart tysdag sleppt ut av fengsel. – No håpar eg denne saka snart kan avsluttast, seier advokaten til høgrepolitikaren.

Advokat John Christian Elden seier den korrupsjonssikta bystyrepolitikaren er letta over å sleppa fri frå fengsel. – No håpar eg saka kan avsluttast raskt, seier Elden.

– STRAY ER LETTA: Forsvarar John Christian Elden seier han håpar korrupsjonssaka snart kan avsluttast og leggjast bort.

Den korrupsjonssikta bergenspolitikaren Jan Sverre Stray vart tysdag sleppt ut av fengsel.

Bystyrerepresentanten frå Høgre og to forretningsmenn vart 7. oktober sikta for grov korrupsjon. Dei to forretningsmennene har tidlegare sleppt fri frå varetekt. Det var Bergensavisen som først melde at Stray fekk sleppa ut av fengsel tysdag.

Jan Sverre Stray - H

NEKTAR STRAFFSKULD: Jan Sverre Stray frå Høgre har nekta straffskuld, etter at han vart sikta for grov korrupsjon.

Foto: Rolf Hordnes

Han har vore hjå politiet og gitt ei ny forklaring og levert ny dokumentasjon. Då valte politiet å lauslata han med ein gong, seier advokat John Christian Elden til NRK.no.

Fekk vita skuldingane

Advokaten meiner Gulating lagmannsretten si kjenning i saka i førre veke, vart eit gjennombrot for bystyrepolitikaren.

– Det var først då han faktisk fekk vita kva han er sikta for. Det gjorde det mykje enklare å ta til motmæle mot skuldingane, seier Elden.

Dei to forretningsmennene, som òg er sikta i saka, overførte i fjor 100.000 kroner til selskapet bak Vennebyen. Bystyrepolitikaren var då dagleg leiar i selskapet.

Stay har hevda at det var snakk om sponsorpengar til eit arrangement, noko politiet ikkje har festa lit til. Dei meiner det var snakk om betaling for å få hjelp av Stray i ei reguleringssak.

Stray står fast på at han ikkje har gjort seg skuldig i korrupsjon.

– No håpar me denne saka snart kan avsluttast, seier forsvararen som ikkje ønskjer å fortelja om detaljane i saka som framleis er under etterforsking.

Politiet stadfestar

Jourhavande jurist i Hordaland politidistrikt, Inger-Lise Høyland, stadfestar at politikaren er lauslaten frå fengsel.

– Han vart lauslaten no i ettermiddag, seier ho til NRK.

Politiadvokaten ønskjer ikkje å kommentera saka ytterlegare.