Hopp til innhold

– Sponheim blandar seg for mykje

Bergen Høgre har laga ei meiningsmåling om kva bergensarane meiner om Lars Sponheim.

Lars Sponheim

Fleirtalet meiner han blandar seg for mykje i lokalpolitikken i Bergen.

Foto: Josefsen, Jon-Michael / Scanpix

Seks av ti bergensarar meiner Lars Sponheim blandar seg for mykje i lokalpolitikken i Bergen. Det kjem fram i ei meiningsmåling Bergen Høgre har bestilt frå Sentio, skriv Bergensavisen (BA).

Høgt konfliktnivå

Fleire saker den siste tida har vist at det er eit høg konfliktnivå og krass ordbruk mellom byrådet i Bergen og fylkesmann Lars Sponheim. Seinast har avstanden vore stor i saka om budsjettet i Bergen , der Sponheim har nekta å godkjenna måten kommunen har brukt pengar på.

Tidlegare har det blant anna vore strid om parkeringsplassar i samband med eit nybygg for Sparebanken Vest i Bergen sentrum.

Les og: Godkjende "ulovleg" rekneskap | Ueinig med Sponheim

Leiar Harald Victor Hove i Bergen Høgre meiner resultatet av målinga er bevis på at Sponheim blandar seg for mykje inn.

– Dette motbeviser påstandane frå opposisjonen om at det er byrådet som er sutrete og ikkje vil godta avgjerdene frå Fylkesmannen, seier Harald Victor Hove.

Sponheim reagerer

Avisa skriv at Sponheim sjølv reagerer på at partiet har gjennomført ei slik undersøking.

– Eg er ein statsmann som gjer jobben min. Høgre burde driva politikk mot politikarane som lagar oppdraga mine, seier han til avisa.

KVA MEINER DU? BLANDAR SPONHEIM SEG INN FOR MYKJE ELLER GJER HAN BERRE JOBBEN SIN?