Hopp til innhold

– Sogn og Fjordane har fått for mykje

FØRDE (NRK): Dei tre fylka har lagt fram kva dei har vorte samde om, no har dei på ny gått i forhandlingar for å diskutere det dei ikkje er samde om.

Janne Johnsen på Sunnfjord hotell

KRITISK. Janne Johnsen frå Høgre trur ikkje fylkestinget i Rogaland vil godta avtalen slik han no ligg føre, Rogaland har rett og slett fått for lite, seier ho.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Sogn og Fjordane har fått for mykje, og Rogaland har fått for lite. Slik oppsummerte tidlegare fylkesordførar i Rogaland Janne Johnsen frå Høgre framlegget til intensjonsavtale då den vart lagt fram i dag.

Les også: Forhandla til klokka tre i natt, no er dei samde

Leiinga i dei tre fylka Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland har vorte samde om å gå saman til eit fylke frå 2020, men detaljane er det framleis mykje usemje rundt, og partane sit no i nye forhandlingar.

Den store kampen går rundt kva slags funksjonar som skal plasserast kor. I det store og heile er dei tre partane samde på dette punktet.

Bergen blir regionsenter, med toppleiinga både politisk og administrativt. Stavanger får leiinga i dei fleste utval og fagmiljø, som næring og opplæring. Dei får også ansvar for idrett og kollektivtransport. Sogn og Fjordane får ansvaret for veg og kultur, og ligg også an til å få den nye fylkesmannen. Det fordrar likevel at staten sler saman dagens tre fylkesmenn.

Nynorsk, stillingsvern og pengar

Det er tre store stridsspørsmål som endå ikkje er løyst. Det eine er kva målform som skal vere hovudmål i det nye fylket, kor sterkt stillingsvern dagens tilsette skal ha, og kor mykje pengar Sogn og Fjordane skal kunne halde unna overføringane til det nye fylket.

Rogaland har motsett seg ei formulering om kor sterkt nynorsken skal stå i det nye fylket.

– Det er ikkje naturleg for oss om nynorsk blir hovudmål. Vi anerkjenner at nynorsk er viktig på Vestlandet, men vi er ikkje med på å gjere det til hovudmål for heile regionen, sa fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal.

I utkastet til intensjonsavtalen er det skissert at alle tilsette i dagens fylkeskommunar skal få behalde jobben sin dei neste fem åra etter det nye fylket, altså til 2025. Dette er det også strid om, men det er her mest tale om nokre detaljar i formuleringane.

Usemje om pengar

Til sist er det usemje om kor mykje pengar Sogn og Fjordane skal få setje i fond dei neste åra. Fjordfylket er det av dei tre fylka med klart best økonomi, og dei sit på store verdiar knytt til naturressursar.

Det opprinnelege forslaget var at det skulle opprettast to fond på til saman to milliardar kroner, som Sogn og Fjordane skal få disponere. Både pengane frå Fjord1-salet og ein del andre midlar skal plasserast her. Pengane skal brukast på investering, men elles er mykje uklart.

– Dei får halde alle desse pengane unna, dei får fylkesmannen og dei får mange arbeidsplassar knytt til samferdsle og kultur. Det trur eg ikkje vi kan reise heim med, det vil ikkje fylkestinget vårt godkjenne, avslutta høgrepolitikar Janne Johnsen.