– Sanden driv eit høgt spel

Sjukehusaksjonist trur Lærdal kan miste meir enn føden.

Bente Øien Hauge

Sjukehusaksjonist Bente Øien Hauge trur Sanden spelar eit høgt spel når han ofrar føden.

Foto: Privat

Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus meiner ordførar Arne Sanden sviktar kvinner og unge familiar i Sogn med sitt utspel om fødetilbodet i Lærdal.

– Eg må seie at eg er ganske rysta over dette utspelet, seier Øien Hauge.

Sanden seier i dag at han vil gje slepp på fødetilbodet i Lærdal, for å sikre ortopedien ved lokalsjukehuset.

Kan miste begge

– Eg ser han driv eit høgt spel der han kan risikere å stå igjen utan nokre av tilboda. Når ein driv handel på denne måten, vil ein på eit tidspunkt stå igjen i ein situasjon der det ikkje lenger er eit sjukehus.

– Samtidig lurer eg på om fylket ikkje burde stå saman med større kraft og krevje meir midlar. Me har topografiske, avstandsmessige og værmessige utfordringar som gjer at ein treng eit høgare nivå på tenestene i alle tre regioanane.

Arne Sanden

Ordførar i Lærdal, Arne Sanden, gjekk i dag ut og sa han ville ofre fødetilboda på Lærdal sjukehus.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Sanden sa at han håpa politikarar i andre deler av fylket ville følgja etter det han karakteriserer som god vilje. Øien Hauge trur og det er viktig å samhandle og kunne inngå kompromiss.

Låge fødetal konstruert

Ho seier at når ein peiker på at det berre var ein fødsel i Lærdal i oktober, må ein spørre seg om korleis det var for alle dei som måtte reise til Voss eller Førde.

– Fødselstala i Sogn går ikkje nedover, men det er Helse Førde som tvingar dei fleste til å reise mykje lenger for å få fødselshjelp fordi dei har gått over tida eller er litt for tunge. Så denne situasjonen er konstruert av Helse Førde, seier ho.

Øien Hauge meiner ei eventuell nedlegging vil få konsekvensar for tilbodet innan gynekologi, svangerskap og barsel.