– Vi har opplevd prosjektet som veldig positivt, fortel næringssjef i Askvoll kommune, Per Arne Tveit. I går gjekk leiar Asbjørn Nes i Veitastrond bygdelag ut og kalla prosjektet der dei fire bygdene Værlandet, Jostedal, Hyen og Veitastrond deltek, for ein fiasko.
(Sjå "- Naturbruksprosjektet ein fiasko .")
Tek tid
Nes hevda at naturbruksprosjektet ikkje har klart å nå målet om å skape ny næring i verna område. Og det har gått seint å skape nye arbeidsplassar i dei fire bygdene. Næringssjefane vedgår at prosessen tek tid, men at prosjektet har skapt arbeidsplassar i dei fire bygdene.