– Liv Signe Navarsete har bana veg for sjikane og hets

Sentrale politikarar som Liv Signe Navarsete har bana veg for sjikane og hets mot styremedlemmer i Helse Førde, meiner styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg.

Liv Signe Navarsete

- BANAR VEG: Liv Signe Navarsete banar veg for sjikane og hets, meiner styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg.

Foto: NRK

Øberg har fått drapstrugsmål, sjikanerande meldingar og brev, og er blitt vraka som fylkespolitikar for Arbeiderpartiet på grunn av sjukehusstriden og styrevervet i helseforetaket.

– Kjem med harde utsegner

Kampen om lokalsjukehusa er beinhard mange stader i landet, og NRK Dagsrevyen i går viste til fleire medlemmer av styrene i helseføretaka som har opplevd trugsmål og sjikane i kampens hete.

– Liv Signe Navarsete har sagt at styret i Helse Førde har ingen tillit og at eg er hysterisk. Dette er ganske harde utsegner som går på enkeltpersonar, seier Øberg til NRK.

Øberg meiner at når sentale politikarar som Navarsete brukar sterke karakteristikkar, er det fritt fram for andre:

– Det banar veg og legaliserar at også andre kan gå til personangrep når politikarar i sentrale roller gjer det. I helsepolitikken er tydelegvis er alt lov, seier Øberg.

Navarsete kjenner seg ikkje igjen

Liv Signe Navarsete seier at ho ikkje kjenner seg igjen i utsegnene til Clara Øberg sjølv om karakteristikkane hennar har stått på trykk i lokale media. (firda.no)

– Det er vanskeleg for meg å seie noko om Øberg sin tillit i regjeringa, for vi har aldri diskutert Clara Øberg i regjeringa, seier Navarsete.

– Eg har aldri karakterisert Øberg som hysterisk, men eg har kritisert ei utsegn som Øberg kom med i august 2009. Eg er heilt samd at vi bør halde personkarakteristikkar utanfor politikken. Men helseføretaka må tåle at helseføretaket engasjerer seg.

NETT-TV: Helsetoppar vert sjukanerte og truga på livet

Video Helsetoppar vert sjikanerte og truga på livet

NETT-TV: Helsetoppar vert sjukanerte og truga på livet

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.