Hopp til innhold

- Tillitsvald for Lærdal sjukehus

- Liv Signe Navarsete opererer som tillitsvald for ei lita gruppe ved Lærdal sjukehus, seier styreleiar Clara Øberg i Helse Førde.

Liv Signe Navarsete
Foto: NRK

Avisa Firda fortel at samferdsleminister Navarsete tek opp omlegginga av overvakinga ved Lærdal sjukehus med helseminister Bjarne Håkon Hanssen.

Møte torsdag

Ho har bede om eit møte med Hanssen i samband med regjeringslunsjen torsdag. Etter det avisa kjenner til vil ho der ta opp spørsmålet om korleis overvakinga ved sjukehuset i Lærdal skal organiserast.

– Undergrev helsereforma

Clara Øberg
Foto: NRK

Styreleiar Clara Øberg i Helse Førde meiner Navarsete på denne måten undergrev helesreforma og den fridomen styra har fått til å organisere sjukehusdrifta.

– Navarsete går inn på detaljnivå på saksfeltet til ein annan statsråd og opererer som tillitsvald for ei lita gruppe ved sjukehuset i Lærdal. Noko tilsvarande skjer aldri når vi kuttar ved Førde sentralsjukehus, seier Clara Øberg til Firda.

– Kritikken er hysterisk

Men statsråd Liv Signe Navarsete slår tilbake:

– Eg er rysta over at leiaren i Helse Førde-styret kan kritisere meg for eit møte ho ikkje kjenner innhaldet i. Det er ikkje uvanleg at kollegaer møtest og snakkar seg i mellom. Heldigvis treng eg ikkje spørje Clara Øberg om lov til det.

Ho meiner kritikken er hysterisk, og at Clara Øberg burde halde seg for god til å spele folk opp mot kvarandre.

– Påstanden om at eg er tillitsvald for ei lita gruppe i Lærdal får verkeleg stå for Øberg si rekning. Eg er ein talsperson for alle folk i Sogn og Fjordane.

Skeptisk partikollega

Jorunn Ringstad
Foto: Scanpix

Men også hennar partikollega, tidlegare stortingsrepresentant for Sp, no styremedlem i Førde, Jorunn Ringstad, er redd for detaljstyring frå helseministeren.

– Eg kan ikkje sjå anna føremål enn å få endra på det styret har bestemt når ein tek opp slike detaljsaker i møte med helseministeren, seier Ringstad til Firda.