Hopp til innhold

– På tide å realisere vedtaket

Sjukehusforkjempar Bente Øien Hauge meiner det no er på tide å realisere regjeringa sitt vedtak om ei vidareføring av fødetilbodet i Lærdal.

Fødeavdeling

FØDESTOVE: Folkerørsla for lokalsjukehusa meiner alt ligg til rette for realisering av ei jordmorstyrt fødestove.

Foto: Knut Skyllingstad / NRK

Ho meiner alt ligg til rette for realisering av ei jordmorstyrt fødestove. Det er opp til Helse Førde og kommunane, for fagfolka er klare til innsats, hevdar sjukehusaksjonisten.

– Slik som eg har forstått det, har det i jordmormiljøet i Indre Sogn pågått mobilisering og godt arbeid slik at ein kan bemanne ei jordmorstyrt fødestove, seier Øien Hauge.

Fleire nabokommunar er skeptiske

Mykje ligg no i hendene til kommunane i Indre Sogn. Lærdal kommune har fridd til dei andre kommunane for å få til eit fødestove-samarbeid, men det er langt frå sikkert at ekteskapet går i boks.

Etter det NRK kjenner til, er fleire nabokommunar skeptiske. Mellom anna på om det er mogleg å rekruttere tilstrekkeleg med fagfolk.

– Det er langt betre å ha ei jordmorstyrt fødestove i Lærdal enn å ikkje ha eit fødetilbod. Det er fordi det er rundt 300 fødslar i året i denne regionen. Ein del av desse kvinnene vil ikkje rekke fram til Voss eller Førde. Det er difor veldig viktig at det finst eit fagmiljø, seier Øien Hauge.

Vil lyse ut stillingane

Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, lovar at helseforetaket vil gjera det dei kan for å oppfylla regjeringa sitt vedtak.

– Eg trur vi skal lyse ut stillingane og sjå om det er lokale søkjarar til stillingane og sjå om kommunane vil. Vi skal ha eit fødetilbod i Lærdal dersom kommunane vil, seier Øberg.